Stortingsbygningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′46.483″N 10°44′23.593″E

Stortingsbygningen
Stortinget.jpg
Bilettekst Framsida av Det norske Stortinget
Foto: Ranveig
Offisielt namn Stortingsbygningen
Stad Karl Johans gate i Oslo
Arkitekt Emil Victor Langlet
Endringar ved mellom anna
Nils Holter
Påbegynt 1861
Opna 5. mars 1866

Stortingsbygningen ligg på Karl Johans gate i Oslo, i området som vert avgrensa av Karl Johans gate, Akersgata og Wessels plass. Bygningen er teikna av arkitekt Emil Victor Langlet, innvigd 5. mars 1866, og har frå då av vore hovudsete for Stortinget, Noregs nasjonalforsamling. Byggjearbeidet hadde teke nærare fem og eit halvt år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1814 og fram til 1854 heldt Stortinget til i lokala til Oslo katedralskole på hjørnet av Prinsens gate og Dronningens gate i Oslo. Staten tok etter kvart over heile bygningen medan ein venta på eit spesiallaga stortingsbygg. Frå 1854 til 1866 blei stortingsmøta haldne i Gamle festsalUniversitetet i Oslo. Den første stortingssalen blei flytta til Norsk Folkemuseum i 1914 medan bygningen blei riven for å gje plass til Hovudpostkontoret.[1]

Wilhelm von Hanno og Heinrich E. Schirmers vinnarutkast frå 1857, som seinare blei vraka.
Christian Hansen sitt forslag

Planane om ein permanent stortingsbygning var stadig framme til drøfting, med mange ulike framlegg om val av tomt.[2] I 1839 laga arkitekten Hans Linstow eit som plasserte stortingsbygget ved den nylaga Slotsveien, i dag Karl Johans gate, rett ovanfor Universitetsbygningane. Men planane blei sette til side for mange andre offentlege byggeoppgåver, som Slottet og universitetet.

I 1847 tok ein stortingskomité opp byggesaka igjen. Arkitekt Heinrich E. Schirmer fekk i oppdrag å laga eit utkast i nygotisk stil på tomta til Rådmannsgården, Rådhusgata 19, men også dette blei lagt vekk etter mykje diskusjon.

I 1855 kjøpte regjeringa den noverande tomta med samtykke frå Stortinget. Same året blei det lyst ut ein arkitektkonkurranse og det kom inn fem forslag.[3] To år seinare blei utkastet til ein bygning i nygotisk stil, utarbeidd av Heinrich E. Schirmer og Wilhelm von Hanno, utropt til vinnar. Men medan dette utkastet blei drøfta, kom arkitekten Emil Victor Langlet tilbake frå Italia med eit utkast han ikkje hadde rokke å levera innan fristen.[4] Dette utkastet vekte merksemd og fekk mange tilhengjarar.

Under stortingshandsaminga av byggesaka fekk vinnarutkastet frå Schirmer og von Hanno mykje kritikk.[3] Andre var redde for at Langlet var for uerfaren til å stå for prosjektet. Difor blei det tinga eit tredje utkast frå den kjente danske arkitekten Chr. Hansen. Departementet såg på dette utkastet som det beste, men i 1859 valte Stortinget til slutt utkastet til Langlet med 59 mot 47 røyster.[4] Forkjemparar for dette utkastet hadde mellom andre vore Anton Martin Schweigaard, Johan Sverdrup, Ole Gabriel Ueland og Bjørnstjerne Bjørnson.

Grunnsteinen blei lagt ned under ein høgtideleg seremoni 10. oktober 1861; 10. oktober 1814 hadde Kristian Fredrik av Noreg formelt sagt frå seg den norske trona og det var orsaka til val av dato.[5]

Ombygging på 1950-talet[endre | endre wikiteksten]

Sørsida av Stortingsbygningen, mot Wessels plass. Akergata passerer Stortingsbygningen til høgre, og ein ser den eine enden av tilbygget som Stortingsbygningen fekk langs gata i 1950-åra.
Foto: GAD (2008)

Stortingsbygningen gjekk gjennom omfattande ombyggingar i åra 1951–1959 under arkitekt Nils Holter. Stortingssalen blei utvida for å gje plass til fleire stortingsrepresentantar i samsvar med at talet på representantar vart auka, og bygningen fekk eit kontortilbygg på fire etasjar mot Akersgata. Nils Holter fekk Houens fonds diplom i 1961 for ombygginga.[6]

Stortinget har òg fått fleire kontorlokale seinare i bygningar sør og aust for Wessels plass attmed Stortingsbygningen i sør, med tilkomst til desse bygningane frå Stortingsbygningen gjennom gangtunnelar under Wessels plass.[6] For bilane til stortingsrepresentantane er det blitt bygd ein underjordisk garasje under Løvebakken og Eidsvolls plass framfor Stortingsbygningen, med innkjørsle frå den vesle Prestegata, ei sidegate til Rosenkrantz' gate.

Innreiing[endre | endre wikiteksten]

Stortingssalen.
Foto: Lars Røed Hansen (2007)
Lagtingssalen.
Foto: Erlend Bjørtvedt (2008)
Stortingsbygningens nordfasade mot Karl Johans gate. Her er publikumsinngangen med tilkomst til tilhøyrargalleriet i Stortingssalen.
Foto: Nickrds09 (2012)

Stortingssalen er det viktigaste rommet på tinget. Salen er halvsirkelforma, og stortingsrepresentantane har kvart sitt sete ordna i halvsirkelforma rader i vifteform, med presidentplassen, talestolen og dei tre referentstolane i sentrum. Stortingsfolka sit fylkesvis etter alfabetet, og innbyrdes ordna etter røystetala. På fondveggen bak stortingspresidenten og talestolen heng det norske riksvåpenet og måleriet Eidsvold 1814 av Oscar Wergeland. Salen er dekorert i raudt og gull. I salen er det elles ein presselosje, det vil seie plassar for journalistar, og elles eit publikumsgalleri der folk flest kan kome for å høyre på ordskifta og fylgje med i stortingsrepresentantane sine røystingar over framlegga til vedtak.

Lagtingssalen er ein mindre og noko enklare dekorert halvsirkelforma sal i same stilen som stortingssalen. Hovudfargen her er grøn. Rommet ligg på baksida av det opphavlege stortingsbygget. Etter ombygginga av Stortingsbygget på 1950-talet, då bygget vart utvida med eit kontorbygg langs Akergata, på tvers av det opphavlege Stortingsbygget, er det no utsyn frå lagtingssalen til dette kontorbygget i staden for mot gata. Etter at ordninga med å dele inn Stortinget i eit Odelsting og eit Lagting vart oppheva, har lagtingssalen missa si opphavlege funksjon som formelt møtelokale og take i bruk til andre føremål.

Møblementet i stortings- og lagtingssalen er teikna av arkitekten for Stortingsbygningen, Emil Langlet.

Sentralhallen eller Vandrehallen ligg mellom dei to salane, og blir ofte nytta til presseintervju med stortingsfolk. Dette rommet var tidlegare ein open bakgard.

Historisk sal har bogekvelving og inneheld portrett av 142 stortingspresidentar frå 1814 til 1940. Her er utplassert montrar med materiale frå viktige år i stortingshistoria; 1814, 1884, 1905 og 1940.

Eidsvollsgalleriet er blitt pussa opp og omdekorert i 1959 og 1991, og blir kalla det vakraste rommet på tinget. Det er pryda med portrett av atten menn frå Eidsvollsforsamlinga og fire viktige seinare politikarar: Johan Sverdrup, Carl Berner, Christian Michelsen og Gunnar Knudsen. Tolv byster av tidlegare stortingsrepresentantar er òg plasserte her.

Stortinget inneheld òg ei rekke kunstverk, både eigne og utlånte frå Nasjonalgalleriet. I alt finst det over 600 slike i bygget. Rundt 3 000 bilde av folkevalde heng òg på veggane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stortingsbygningen fra 1866 til i dag. Stortinget (5. september 2013). Vitja 20. februar 2016.
  2. Stortingsbygg med tårn og spir? / Oversikt over de mest aktuelle tomteforslag i tiden 1836-1857. Riksarkivet. Vitja 21. februar 2016.
  3. 3,0 3,1 Stortingsbygg med tårn og spir? / Schirmer og von Hanno 1857 - Carl Johans gate. Riksarkivet. Vitja 21. februar 2016.
  4. 4,0 4,1 Stortingsbygg med tårn og spir? / Langlet 1857 - Carl Johans gate. Riksarkivet. Vitja 21. februar 2016.
  5. Grunnstenen til stortingsbygningen nedlegges. Stortinget (30. september 2011). Vitja 21. februar 2016.
  6. 6,0 6,1 Knut Are Tvedt (red., 2010) «Stortingsbygningen» – i: Oslo byleksikon, 5. utg., s. 539-540 – Kunnskapsforlaget, Oslo. ISBN 978-82-573-1760-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]