Stortingsgata

Koordinatar: 59°54′49.622″N 10°44′7.5264″E / 59.91378389°N 10.735424000°E / 59.91378389; 10.735424000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′49.622″N 10°44′7.5264″E / 59.91378389°N 10.735424000°E / 59.91378389; 10.735424000

Vestre enden av Stortingsgata. Bygningen til høgre er Nationaltheatret og i bakgrunnen kan ein sjå ein lut av Slottsparken (den såkalla Abelhaugen).

Stortingsgata er ei gate i sentrum av Oslo, mellom Wessels plass attmed Stortingsbygningen og byrjinga av Henrik Ibsens gate ved det søraustre hjørnet av Slottsparken. Gata går parallelt med, og sør for Karl Johans gate.

Stortingsgata fekk det noverande namnet i 1865, året før Stortingsbygningen vart innvigd. Inntil då hadde namnet på gata vore Drammensveien, som òg var det opphavlege namnet på Henrik Ibsens gate, og framleis er namnet på den gata som danner forlenginga av Henrik Ibsens gate over Solli plass. I tidlegare tider var dette òg namnet på landevegen vidare ut or byen, over Skøyen og Lysaker mot Drammen.

Sørsida av Stortingsgata er dominert av forretningar, serveringsstader og hotell. På nordsida, mellom Stortingsgata og Karl Johans gate, ligg parkområda Eidsvolls plass og Studenterlunden, bygningen til Nationaltheatret og nedgangane til Nationaltheatret jarnbane- og T-banestasjonar.

Stortingsgata er ei viktig gjennomfarståre for kollektivtrafikken, med trikk- og bussliner.