Stortingsmann Johan Støa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Støa
Fødd20. februar 1913
Verdal kommune
Død24. september 1973 (60 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeningsleder
Alle verv

Johan Støa (20. februar 191324. september 1973) var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Verdal. Han representerte Nord-Trøndelag og ArbeidarpartietStortinget frå 1965 til han døydde.

Støa var son til ein småbrukar og skogsarbeidar. Etter framhaldsskule i 1927/28 arbeidde han på gard i Verdal til 1935. I tida 1935-56 var han sysselsett med skogs- og bygningsarbeid. Han var så fylkessekretær 1957-59 i Nord-Trøndelag Arbeiderparti. Frå 1959 var han tilsett i Verdal kommune, fyrst fire år som byggeleiar og deretter to år tiltakssekretær.

Støa var medlem av Verdal kommunestyre i tida 1948-67, ordførar 1964–67. Hausten 1965 vart han vald til stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag, attvald 1969 og -73. Han var medlem i Kommunalkomitéen 1965-71, Finanskomitéen 1971-72 og Kommunal- og miljøvernkomitéen 1972-73. Støa døydde straks etter stortingsvalet i september 1973, før det nye stortinget vart opna. Steiner Kvalø rykte då opp på fast representantplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]