Stortingsvalet 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stortingsvalet i 2013)

Stortingsvalet 2013 var eit val i Noreg hausten 2013 der det vart vald 169 representantar til Stortinget for perioden 2013–2017. Samstundes vart Sametingsvalet 2013 arrangert. Valdagen var måndag 9. september [1], men i 206 av 428 kommunar var det òg val sundag 8. september.[2] Valresultatet vart ein solid siger for den borgarlege blokka (Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre), som fekk 96 mandat mot dei radgrønne partia sine 72 (Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti). Eit så stort fleirtal har ingen av blokkene hatt etter andre verdskrigen. Arbeidarpartiet gjorde sitt nest dårlegaste stortingsval sidan 1924, og Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti gjorde begge sine dårlegaste stortingsval nokosinne. Høgre vart vinnaren av valet med ein framgang på 18 mandat. Venstre kom over sperregrensa og fekk med det ein framgang på 7 mandat. Miljøpartiet Dei Grøne vart for første gongen representert på Stortinget med éit mandat, frå Oslo.

Etter valet varsla statsminister Jens Stoltenberg at han vil søkja avskjed for regjeringa etter framlegginga av statsbudsjettet 14. oktober 2013.[3] 3 641 753 nordmenn hadde røysterett.[4] Frammøtet var 2 848 898 eller 78,2 prosent. Mandatfordelingen frå dei 19 fylka vart endra i høve til stortingsvalet 2009 for å følgje folketalsutviklinga. Fem fylke mista eit mandat kvart, og desse vart fordelt på fire andre fylke. Oslo fekk to nye og valde i alt 19 representantar til Stortinget.

Ved valet stilte totalt 21 parti eller lister. 13 parti, av dette dei sju som var representert på Stortinget i 2009–13, stilte i alle fylke. Dei åtte andre partia/grupperingane stilte i opptil tolv fylke. Det var tre lister som fanst i berre éit fylke.[5] Som ein følgje av valeg gjekk regjeringa Stoltenberg II av og Regjeringa til Erna solberg tok over.

Ei forsøksordning med røysting over internett vart vidareført frå valet i 2011 i ein del kommunar. Ei rekkje valgobservatører følgde valet.

Resultat på landsbasis[endre | endre wikiteksten]

Mellombels tal per 30. september kl 14.30 (Kjelde: www.valgresultater.no)

Parti Røyster Mandat
# % ± pp # ±
Arbeidarpartiet 874 769 30,8 -4,5 55 -9
  Høgre 760 232 26,8 +9,6 48 +18
  Framstegspartiet 463 560 16,3 -6,6 29 -12
  Kristeleg Folkeparti 158 475 5,6 0,0 10 0
  Senterpartiet 155 357 5,5 -0,7 10 -1
  Venstre 148 275 5,2 +1,4 9 +7
  Sosialistisk Venstreparti 116 021 4,1 -2,1 7 -4
  Miljøpartiet Dei Grøne 79 152 2,8 +2,4 1 +1
  Raudt 30 751 1,1 -0,3
  De Kristne 17 731 0,6 +0,6
  Pensjonistpartiet 11 865 0,4 0,0
  Piratpartiet 9 869 0,3 +0,3
  Kystpartiet 3 311 0,1 -0,1
  Demokratene i Norge 2 214 0,1 0,0[6]
  Kristent Samlingsparti 1 722 0,1 -0,1
  Det Liberale Folkepartiet 909 0,0 0,0
  Norges Kommunistiske Parti 611 0,0 0,0
  Sykehus til Alta 467 0,0 0,0
  Samfunnspartiet 295 0,0 0,0
  Folkelisten mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja 268 0,0 0,0
  Folkemakten 175 0,0 0,0
Totalt røystetal fordelt på lister 2 836 029 100,0 169
Blanke røster 12 874 0,45
Forkasta røyster ikkje kjent 0,00
Frammøtte 2 851 014 78,3
Med røysterett 3 641 753 0,00
Kjelde: Valgresultater.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. KRD om valdagen
  2. Liste over kommunar med todagersval
  3. Nyhende på regjeringa sine nettsider
  4. SSB
  5. Kven stiller til val
  6. I offisielle resultatoversiktar er partiet oppført med ein framgang på 0,1 prosent frå 2009. Dette skyldes at Demokratene i Norge formelt er å betrakte som eit nyetablert parti. I denne tabellen samanliknar vi med 2009-resultatet til forløparen Demokratene.