Stortorvets gjestgiveri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′48.283″N 10°44′41.377″E / 59.91341194°N 10.74482694°E / 59.91341194; 10.74482694

Grensen 1 med Stortorvets Gjæstgiveri. Grensen er gata i framgrunnen, og det er Grubbegata som går inn mot venstre i fotografiet.
Foto: Mahlum
Grensen 1 fotografert frå Stortorvet på 1890-talet.
Gardsrommet i garden i gamal tid, ukjent dato

Stortorvets gjestgiveri er ein bygning frå 1700-talet som ligg i Grensen nr. 1 i Oslo, med hovudbygningen langsetter Grensen og ei fløy i aust mot Møllergata og ei fløy i vest mot Grubbegata. Det har vore serveringsstad i bygningen frå han vart bygd, i tidlegare tider dessutan òg handelslokale og overnattingsstad. I lange tider, frå 1800-talet, har dagens restaurant, Stortorvets Gjæstgiveri, disponert bygningen.

Bygningen er freda av di han er rekna for å ha høg arkitektonisk og kulturhistorisk verde, og dessutan er eit viktig historisk haldepunkt eller referanse i miljøet ikring Stortorvet og domkyrkja. I høve til Stortovet ligg bygningen på skrå over krysset Møllergata-Grensen i det nord-vestre hjørnet av torget, og er saman med Oslo domkyrkje på austsida av torget det siste som står att av dei bygningane som vart reist i åra ikring 1700 ved det som då vart byens nye torg, plassert utanfor vollane som omkransa byen i gamal tid. Sjølv om gjestgjevargarden har vorte sterkt ombygd og restaurert gjennom åra, har det vorte take vare på den karakteristiske utforminga og hovudelementa frå 1700- og 1800-talet. Hovudbygningen mot gata Grensen er i to høgder med høgt valmtak, pussa veggar og småruta vindauge. Dei smalare, lange og lågare fløyene i to høgder langs Grubbegata og Møllergata har delvis fasadar i utmurt bindingsverk og preg av 1800-talet. Fløyene er bundne saman med ei bakfløy i to høgder, slik at komplekset har ein indre rektangulær bakgard. Det er svalgangar i delar av andre høgda i fløyene inn mot dette gardsrommet. Saman med eit nytt tilbygg i glas attom hovudbygningen vert gardsrommet nytta som serveringsareal, uterestaurant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]