Strålemuggsoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strålemuggsoppar
Aspergillus niger 01.jpg
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Sekksporesoppar Ascomycota
Underrekkje: Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina
Klasse: Kulesekksoppar Eurotiomycetes
Underklasse: Eurotiomycetidae
Orden: Eurotiales
Familie: Trichocomaceae
Slekt: Strålemuggsoppar Aspergillus

Strålemuggsoppar (Aspergillus) er ei slekt av soppar. Artane i slekta finst over heile verda. Nokre av dei øydelegg mat, dannar mykotoksin og vert ofte rapporterte som patogen i menneske og dyr.[1] Dei er òg vanlege på tekstil og alt slags daudt organisk materiale, der soppen ofte kan sjåast som eit grønt til svart lag.[2] I sum har strålemuggsoppar ein stor påverknad på økonomi og menneskehelse.[1]

Strålemuggsoppar vert nytta i bioteknologi til produksjon av ulike molekyl, som antibiotikum, organiske syrer, medisin og enzym. Dei vert òg nytta til fermentering av mat. Til dømes vert Aspergillus oryzae nytta ved produksjon av den japanske nasjonaldrikken sake og svartstrålemugg (Aspergillus niger) til gjæring av sitron- og glukonsyre.[1][2]

Namnet strålemuggsoppar kjem frå sporane som strålar ut frå toppen av sporeberarane, før dei etter kvart vert avsnørte ein om gongen.[2]

Slekta har over 300 artar og er nærskyld penselmuggsoppane.[1] Alle artane i slekta har ein kjønna sporedannande struktur kalla ein aspergil. Kring ein tredjedel av artane har i tillegg eit kjønna stadium.[3]

Slekta har fleire skadelege saprofyttar og dessutan nokre parasittar. Arten lumsk strålemugg (Aspergillus flavus) infiserer dårleg lagra peanøtter og øydelegg avlingar ved å produsera sterkt kreftframkallande aflatoksin. Grøn strålemugg (Aspergillus fumigatus) kan valda aspergillose hjå menneske og særskilt hjå fjørfe.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.