Strömsholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°31′39.338″N 16°14′15.900″E

Ridebanen i Strömsholm
Panorama over Strömsholms Slott

Strömsholm er ein svensk tettstad i Hallstahammars kommun i Västmanlands län i landskapet Västmanland. I 2005 hadde tettstaden 594 innbyggjarar.

Lengst i sør, ved Mälarstranden, ligg Strömsholms slott og Strömsholmsområdet som i dag er eit hippologisk senter med mellom anna årlege hestekonkurransar. Dette stammer frå det stutteriet som blei bygt her i 1621 for å forsyne den svenske arméen med hestar. Fram til 1968 hadde armeen sin skule for utdanning i riding og køyring her. No vert Ridskolan Strömsholm drive heilt i sivil regi. Her ligg det mellom anna ein internatskule/gymnas med rideopplæring, samt ein filial av Sveriges lantbruksuniversitet med hippologiutdanning. I juni kvart år blir det her arrangert galoppløpet Svenskt Grand National og dei populære Strömsholmstävlingarna.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Området har ein særs rik flora og eit interessant fugle- og dyreliv. Dette gjeld òg engane ved Ladugårdssjön, der store mengder songsvaner, ender, gjæser og vadefuglar rastar på vårtrekket. Bak Strömsholms slott finst det ride- og turstiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]