Strømmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strømmen stasjon i 1909. Stasjonsbygningen står framleis, og er freda, men sjølve stasjonen er sterkt ombygd i nyare tid.
Foto: Anders Beer Wilse

Strømmen er både ein stasjon på Hovedbanen, opna då Hovedbanen mellom Christiania (Oslo) og Eidsvoll stod ferdig i 1854, og eit tettbygd område i Lillestrøm kommune i Akershus fylke mellom Nitelva ved Lillestrøm og grensa til Lørenskog kommune. Strømmen stasjon ligg i dette tettbygde området, som i si tid var ein industristad, men no har vorte ein forretningsstad med butikkar og bustader.

Stasjonen på Strømmen var den fyrste av alle utanfor hovudstaden som fekk stasjonsbygningar; heller ikkje endestasjonen på Eidsvoll var så tidleg ute. Den gamle stasjonbygningen og eit særskild bygg med toalett for ferdafolket står framleis, og er vorte freda.

Namnet Strømmen er opphavleg eit gardsnamn etter ein straum i Nitelva, kjend i skriftlege kjelder frå 1640. Fleire sagbruk langs Sagelva gjennom Sagdalen på Strømmen, ei elv frå Østmarka som renn ut i Nitelva, var opphavet til det som seinare skulle verte industristaden Strømmen, og som gjorde at Strømmen stasjon vart ein av dei viktigaste stasjonane på Hovedbanen.

Strømmen Værksted A/S, skipa i 1873, var den viktigaste verksemda i den allsidige industriutviklinga som kom i gang. På Strømmen har det vore produsert omnar, komfyrar, meierimaskinar, jarnbanevogner, sjølvberande busskarosseriar i duraluminium, trolleybussar, bilar, skipspropellar, tunnelbanevogner og persontog. Men her som på så mange plassar elles i Noreg, er det no kjøpesenter, kontor og liknande verksemder som for det meste har teke over både industribygningar og industriareal, med Strømmen Storsenter som eit av Noregs største i sitt slag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]