Strømpebukse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stripa strømpebukse for barn

Strømpebukse er ettersitjade beinklede med buksedel og strømper i eitt. Dei dekker hoftene, underlivet, beina og føtene. Strømpebukser blir brukt som varmande undertøy mellom truse og ytterbukse eller som damestrømper saman med skjørt eller kjole. Tynne strømpebukser er ofte laga av nylon, medan tjukkare og varmare variantar kan vera av bomull, ull (gjerne blanda med lycra for å sikra god passform) eller akryl.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tronge hosebroken frå 1400-talet bestod opphavleg av lange strømpebein som blei bunde til livet og var utstyrt med skrevklede skjult under skjørtekanten på vamsen, men blei sidan sydd saman til eitt plagg, gjerne med ein skamkapsel som buksesmekk. Seinare utvikla desse seg til blant anna pantalongar, ei slags strømpe- eller strekkbukse for menn. Biletet viser ein fransk bankett på 1400-talet der dei unge mennene er formelt kledd, blant anna med snabelsko.

Ein historisk forløpar for moderne strikka strømpebukser finn ein i samansydde hoser frå seinmellomalderen. Desse hosebrokane var populære blant menn på 1400-talet og utvikla seg sidan til blant anna tronge pantalongar som igjen kom på moten som ytterbukser kring 1800.

Strømpebukser blei for fullt innført mot slutten av 1950-åra og byrjinga av 1960-åra, som ei erstatting for vanlege lange strømper og livstykke for å halda strømpene på plass. Dei blei først teke i bruk av damer og barn, men blei raskt òg teke i bruk av menn, særleg om vinteren.

Strømpebukse blir hovudsakleg brukt som eit plagg for å halda varmen på beina, men blir òg ofte brukt som eit moteplagg, særleg av kvinner. Strømpebukse kan òg ha ein effekt i å auka blodsirkulasjonen i beina, og blir difor brukt av mange som har problem med dette.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Strømpebukse