Strømsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Strømsø med den gamle kirke på Tangen»
Måleri av Matthias Stoltenberg frå 1847

Strømsø er det eine av dei to opphavlege byområda i Drammen, det andre er Bragernes. Strømsø ligg på sørsida av Drammenselva og er ein part den administrative bydelen Strømsø/Danvik, medan Bragernes ligg på nordsida av elva. Opphavleg var Strømsø og Bragernes kvar sine byar.

Drammen stasjon ligg på Strømsø, og her finst òg Marienlyst stadion, som er byens fotballstadion, symjehallen og friluftsanlegget Drammensbadet, Drammens Museum og den vidaregåande skulen, forretnings- og kontorbygg, industri- og bustadsområde. Tidlegare var Strømsø industri- og industriarbeidarområdet i Drammen, men mesteparten av den gamle industriverksemda er lagd ned.