Strømsgodset Toppfotball
| Fullt namn | Strømsgodset Toppfotball | ||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | Godset | ||
| Kort namn | SIF | ||
| Grunnlagd | 10. februar 1907 | ||
| Heimebane | Marienlyst stadion (kapasitet: 8935) | ||
| Styreformann | Tom Saxegaard | ||
| Hovudtrenar | Henrik Pedersen | ||
| Liga | Eliteserien i fotball for menn, OBOS-ligaen | ||
| Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Strømsgodset IF er ein norsk fotballklubb frå Drammen. Han vart stifta 10. februar 1907.
Klubben spelar i Eliteserien, og har også eit lag i 3. divisjon avdeling 2 (2020). Noverande hovudtrenar er Henrik Pedersen. Klubben spela tidlegare i 1. divisjon (Adeccoligaen), men rykte opp til Tippeligaen etter uavgjort mot Løv-Ham 5. november 2006. Like etter sesongslutt i 2005 vart klubben kjøpt opp av lokale mangemillionærar, med Atle Kittelsen i spissen.
Klubben hadde stordomstida si på slutten av 1960-talet og byrjinga av 1970-talet. Strømsgodset vann toppserien i 1970 og 2013, og cupen i 1969, 1970, 1973, 1991 og 2010.
I seinare tid har Strømsgodset vunne cupen i 1991 og var tapande finalist i 1993 og 1997. Laget fekk òg 3. plass i Tippeligaen i 1997, 2. plass i 2012 og vant altså i 2013.
Klubben har sidan 1967 spela heimekampane sine på Marienlyst stadion i Drammen, tidlegare på Gulskogen Idrettspark.
Noverande tropp
[endre | endre wikiteksten]
Tidligare spelarar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- www.godset.no - Offisiell heimside