Strøsand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strødd gangveg i Finland.

Strøsand er sand som kan spreiast på is og snø for å hindra at folk eller køyretøy skal gli på holka om vinteren. Det finst ulike typar, frå finsand til grov singel. Når strøsand vert nytta på vegar vert han som oftast spreidd med ein sandspreiar, medan ein på oppkjørslar og gardsplassar spreier sanden for hand eller med små sandspreiarar utan motor.

Det norske lovverket fastset at hus- og grunneigarar i tettbygde strøk har plikt til å strø gang- og sykkelveg eller kanten av køyrebanen utanfor eigedomen sin når det er glatt.

Sandkorna i sanden ein bruker skal i følgje Statens vegvesen ha ein maksimal storleik på 6 mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]