Antonio Stradivari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stradivarius)
Antonio Stradivari

Portrett av Antonio Stradivari (1681)
Statsborgarskap Italia
Fødd 1644
Cremona
Død

18. desember 1737 (93 år)
Cremona

Yrke musikkinstrumentmaker, fiolinbygger, gitarmaker, gitarmaker
Språk italiensk
Antonio Stradivari på Commons

Antonio Stradivari (164418. desember 1737)[1] var ein italiensk strengeinstrumentmakar, av mange rekna som den fremste fiolinmakaren nokon sinne. Han påverka utforminga av dagens moderne fiolin, både i høve til proporsjonar og utforminga av stolen på instrumentet.[2]

Etternamnet «Stradivari» kjem av det italienske ordet strada, som tyder 'veg'. Instrumentmakaren er i dag kjend både ved fødenamnet Antonio Stradivari og den latinske forma Antonius Stradivarius, som var namnet han signerte instrumenta sine med.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Antonio Stradivari var son til Alessandro Stradevari og Anna Moroni og skal ha hatt minst tre eldre brør. Det manglar skiftlege prov på Antonio Stradivari sin fødsel i Cremona. Foreldra måtte flytte frå byen då det braut ut pest i 1630, og Stradivari kan ha vorte fødd på den ukjende nye heimstaden.[3]

Ein veit lite om Stradivari som ung. Den første skriftlege dokumentasjonen på at han heldt seg i Cremona var ein merkelapp på ein fiolin som var datert 1666. Året etter gifte han seg med Francesca Feraboshca, enka etter Giovanni Giacomo Capra. Dei to fekk seks born før ho døydde i 1698. Året etter gifte han seg med Antonia Maria Zambelli. Dei to fekk fem born saman, ei dotter og fire søner. Totalt hadde Antonio Stradivari 11 born, av dei døydde fleire svært unge og berre to av dei, Omobono og Francesco, følgde i faren sine fotspor som instrumentmakar.[4]

Stradivari vart gravlagd i eit kapell i Church of S. Domenico i Cremona den 19. desember 1737. Kyrkja vart riven i 1869, og med det forsvann grava og leivningane etter Stradivari.[5]

Instrumentproduksjon[endre | endre wikiteksten]

«Antonio Stradivari» måla av Edgar Bundy i 1893.

Cremona i Italia var Stradivari sin einaste kjende heimby. Den vesle byen vart kjend på 1600- og 1700-talet som Italia sitt leiande senter for fiolinproduksjon. Nicolò Amati (1596-1684) var Stradivari sin lærar. Stradivari gjekk i lære hjå Amati i åra 1660 til 1683. Dei tidlege instrumenta hans skal vere sterkt prega av læremeisteren. Frå 1683 til 1689 brukte han malen til Amati, før han fann si eiga utforming frå 1690 til 1699. Desse instrumenta såg lengre og smalare ut og har vorte kjende som «dei lange stradivariane». Dei har ein rikare tone enn hans tidlege instrument.

Perioden frå 1700 til 1720 er kalla Stradivari sin «gylne periode», med mange av dei mest ettertrakta instrumenta.[6] Han gjorde mindre endringar på fiolinutforminga etter 1720, endringar som nokre ekspertar meiner gjorde dei tonale kvalitetane endå betre. I dei siste åra, frå 1727 til 1737, vart synet noko svekka og hendene var ikkje like stødige som før. I denne perioden skal han i aukande grad ha fått hjelp frå elevane sine, mellom dei sønene Francesco og Omobono.

Det herskar uvisse kring kor stor instrumentproduksjonen til Stradivari var. Anslag har vore gjort om ein totalproduksjon på rundt 2 000 instrument, der om lag 800 skal vere intakte.[7] H. K. Goodkind dokumenterte i 1972 712 instrument: 17 bratsjar, 60 celloar og 635 fiolinar.[8] W. E. Hill har estimert seg fram til ein totalproduksjon på 1 116 instrument.[9]

Kva gjer instrumenta så spesielle?[endre | endre wikiteksten]

Fiolinisten Ursula Bagdasarjanz speler på ein stradivarius.

Instrumenta til Stradivari er myteomspunne, og mykje forsking har vore gjort for å finne bakgrunnen til at dei er så spesielle. Lakk, treverk og form har vorte undersøkt i detalj.

Den mest populære teorien har lenge vore at det var noko «magisk» med lakken brukt på instrumenta. Nyare forsking har vist at lakken Stradivari brukte ikkje var ulik den møbelsnikkarane brukte på den tida, og dei fleste Stradivarius-fiolinane har på eit seinare tidspunkt vorte lakkerte på nytt.[10] Den moderne forskinga har peikt på fleire ulike faktorar som saman har gjeve instrumenta klangen sin, mellom anna tjukkleiken på lokk og botn, eit flatare instrument enn tidlegare og dei små porene i treet brukt i fiolinane.[2]

Dei USA-amerikanske forskarane Henri Grissino-Mayer, ekspert på årringarr i tre, og klimaeksperten Lloyd Burckle hevdar at løyndomen er ein kombinasjon av klima og materiale. Frå 1450 til 1850 var det ei «mini-istid» i Europa. Klimaet fekk trea som Stradivari brukte til å vekse saktare og tettare og skal ha gjeve instrumenta denne særeigne klangen.[11]

Stradivarius på auksjon[endre | endre wikiteksten]

Stradivarius-fiolinen «Spanish II» (1687-1689)

Eit instrument laga av Antonio Stradivari blir ofte kalla ein «stradivarius» eller «strad». Instrumenta har sidan tidleg 1800-tal vore ettertrakta på auksjonar. I følgje Herbert K. Goodkin sitt auksjonsoversyn[12] er det første dokumenterte salet fiolinen «Betts» frå 1699, som vart seld gjennom auksjonshuset Phillips i 1809 for 106 guinea. Justert for konsumprisindeksen i England vert dette ca. 80 000 2007-kroner.[13] I dagens marknad går Stradivarius-fiolinane under hammaren for mellom 20 og 70 millionar kroner.[14][15]

Stradivari-instrument i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ole Bull eigde tre stradivarius-fiolinar, Briselli (1687)[16], Telaki (1690) og Wetherill (1708). Fiolinen frå 1687 er rikt dekorert med svarte ornament på sidene av resonanskassen og på snekka, og ei stipla borde av sirkel- og diamantformer langs resonanskassen i fronten og på baksida.[17]

Den norske fiolinisten Arve Tellefsen eig ein stradivarius. Han gav denne karakteristikken i eit intervju med NRK.no: «Stradivarius-fiolinane har ein veldig vakker og fyldig klang. Det er det som gjer dei så etterspurde blant musikarar.»[15]

Elise Båtnes, konsertmeister for Oslo Filharmoniske Orkester, speler på stradivariusen «Arditi» (1689), som er på utlån frå Dextra musica AS.[18]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Goodkind, Herbert K (1972). Violin iconography of Antonio Stradivari, 1644-1737: treatises on the life and work of the patriarch of the violinmakers ... Larchmont, N.Y. ISBN 0-9600498-1-9. 
  • Hill, William Henry; Alfred E. Hill (1963) [1906], Antonio Stradivari: his life and work (1644-1737), N.Y.: Dover 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fødeåret er uvisst, ein saknar skriftleg dokumentasjon utover Stradivari sine eigne handskrivne inskripsjonar på enkelte av fiolinane han laga. H. K. Goodkind, Violin iconography of Antonio Stradivari, 1644-1737 (1972) s. 21
  2. 2,0 2,1 «Stradivari, Antonio», Encyclopædia Britannica, Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011 
  3. w. E. Hill, Antonio Stradivari (1963) s. 8
  4. w. E. Hill, Antonio Stradivari (1963) s. 17
  5. w. E. Hill, Antonio Stradivari (1963) s. 23-24
  6. H. K. Goodkind, Violin iconography of Antonio Stradivari, 1644-1737 (1972) s. 21
  7. H. K. Goodkind, Violin iconography of Antonio Stradivari, 1644-1737 (1972) s. 13
  8. H. K. Goodkind, Violin iconography of Antonio Stradivari, 1644-1737 (1972) s. 14
  9. w. E. Hill, Antonio Stradivari (1963) s. 226
  10. Gough, Colin (2000). «Science and the Stradivarius». Henta 6. mars 2009. 
  11. Glendrange, Sølvi (12. september 2003). «Stradivarius' hemmelighet». Henta 6. mars 2009. 
  12. H. K. Goodkind, Violin iconography of Antonio Stradivari, 1644-1737 (1972) s. 30
  13. Purchasing Power of British Pounds from 1264 to 2007
  14. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. februar 2009, henta 6. mars 2009 
  15. 15,0 15,1 Draumen om ein Stradivarius, vitja 6. mars 2009
  16. Mange stradivariusar har hatt forskjellige namn, ettersom dei skifta eigarar, i enkelte høve eit titals forskjellige. Ole Bull sin fiolin frå 1687 har i tillegg til namnet Briselli òg vore kalla Ole Bull.
  17. H. K. Goodkind, Violin iconography of Antonio Stradivari, 1644-1737 (1972) s. 743
  18. Fikk fela og kom hjem Arkivert 2008-12-02 ved Wayback Machine., vitja 6. mars 2009