Straffeprosesslova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Straffeprosesslova, eigenleg Lov om rettergangsmåten i straffesaker (Straffeprosessloven), er ei lov som fastsett korleis rettargangen i straffesaker skal gå føre seg. I lova er det gjeve føresegner om kva slags saker som skal til førehaving i domstolane, korleis domstolane skal gå fram i dei sakene dei får, kven som har rettar som part i sakene og kva slag rettar og plikter dei har. I lova er det òg føresegner om bruk av sakkunnige, om arrestasjon og fengsling, ransaking, kverrsetjing, telefonkontroll, heftingar og om forbod som kan ileggjast mot å vitje eller ta kontakt med andre personar.

Straffeprosessen i Noreg skil strengt mellom domstolane og påtalemakta, Her finst ikkje forhørsdommarar av den typen ein har i til dømes fleire andre søreuropeiske land. Kvar av partane, altså både påtalemakta og den som påtalemakta held for å vere lovbrytar, har rett til å uttale seg for ei uavhengig domstol. Det er påtalemakta som skal prove at vilkåra for straff er til stades, og skjer ikkje det, skal vedkomande frikjennast. Det er såleis to partar i straffesaker: Staten ved den offentlege påtalemakta, og tiltalte med sin forsvarar.

Rettssaka går munnleg for domstolane etter at førebuingane er ferdige, og som hovudregel kan ålmenta vere til stades. Prova i saka blir førte direkte for domstolen under møtet, og domstolen står i utgangspunktet fritt under vurderinga av dei. Det er i norsk rettsprosess soleis ikkje formelle bindingar når det gjeld kva slags prov som skal leggjast vekt på eller sjåast bort frå og nektast å førast for retten, slik det er i mange andre land. Slike protestar i open rett mot vitneprov, kjend frå mellom anna USA-amerikansk straffeprosess og TV-underhaldning, er soleis ikkje vanlege i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]