Strandarve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strandarve
Strandarve
Strandarve
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Nellikfamilien Caryophyllaceae
Underfamilie: Alsinoideae
Stamme: Alsineae
Slekt: Honckenya
Art: Strandarve H. peploides
Vitskapleg namn
Honckenya peploides

Strandarve (Honckenya peploides) er ein kyst- og strandplante i nellikfamilien med krypande, lyse røter og grøne, sukkulente (kjøtfulle) små blad som er spisse ytst. Høgda er 4-10 cm. Planten veks på karrig mark og i sand, og har ei sirkumboreal utbreiing. Han er bestanddannande og kan danna låge «teppe» på bakken.

Strandarve bryt opp frå sanden og dannar teppe som blomstrar i juni i Sør-Noreg.

Blomane hjå hoa er svært små, og kvite. Kronblada til hannblomane er klart større, inntil 4 mm lange. Strandarve har 3 griflar, og ein frøkapsel som ved modning deler seg i tre med krokete spissar.

Strandarve er fleirårig og nøysam, han veks på sandgrunn langs strender på heile norskekysten. Planten bind saman sanddyner, ofte saman med strandreddik eller strandrug.

Eit viktig kjenneteikn er at dei kvite blomane er svært små på hoblomane, og sit innimellom gulgrønne begerblad (4 mm), og dessutan at sjølve dei sukkulente blada sit i grupper på stilken slik at dei ovanfrå ser ut som ein firkanta bladstruktur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]