Strandbalderbrå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strandbalderbrå
Strandbalderbrå
Strandbalderbrå
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Anthemideae
Slekt: Balderbråslekta Tripleurospermum
Art: Strandbalderbrå T. maritimum
Vitskapleg namn
Tripleurospermum maritimum

Strandbalderbrå (Tripleurospermum maritimum, tidlegare Matricaria maritima) er ein urt i korgplantefamilien.

Stenglane er glatte, utoverliggande eller oppståande og ofte raudbrune og nesten forveda nedst. Blada sit spreitt og er dobbelt eller tredobbelt fjørflika og kjøttfulle. Korgene sit einskildvis på ein lang stengel; dei har gul skive og kvite, utsperra randkroner. Blomstringstida er juni–september. Planten veks på havstrender.

Nokre botanikarar reknar strandbalderbrå som ein underart av ugrasbalderbrå (Tripleurospermum inodorum), men dei skil seg frå kvarandre både i kromosomtal og morfologi. Balderbrå er eittårig med opprett vekst og har 2n = 4x = 36 kromosom, medan strandbalderbrå er to- eller fleirårig med utoverliggande vekst og 2n = 2x = 18 kromosom.

Strandbalderbrå på Island

Strandbalderbrå blir delt i tre underarter, som av og til blir rekna som sjølvstendige artar. Dei har følgjande utbreiing:

  • tangbalderbrå (T. m. subsp. maritimum) – dei europeiske kystane mot Atlanterhavet og Austersjøen; i Noreg vanleg langs kysten nordover til Måsøy i Vest-Finnmark
  • finnmarkbalderbrå (T. m. subsp. phaeocephalum) – sirkumpolar i arktiske og subarktiske strøk; i Noreg i Troms og Finnmark; tilfeldig ugras på Svalbard
  • nordleg strandbalderbrå (T. m. subsp. subpolare) – Island, nordlege strøk i Eurasia; veks både på havstrand og i fjellet; i Noreg sørover til Buskerud; tilfeldig ugras på Svalbard

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]