Strandebarm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Strandebarm

Strandebarm eit område og ei bygd i Kvam herad.

I området Strandebarm er det 4 bygder:

Strandebarm kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1876. Byggverket er i tre og har 550 plassar.

Fjellstrand AS er eit skipsverft som held til på Omastrand.

Strandebarm er også ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland, oppretta i 1837 som Strandebarm formannskapsdistrikt. I 1862 vart Strandebarm delt i to, då Jondal vart skilt ut som eige herad. Strandebarm hadde etter frådelinga 1 663 innbyggarar. 1. januar 1902 skjedde ei ny deling i det Varaldsøy vart skilt ut som eigen kommune. Strandebarm hadde etter denne delinga 1 661 innbyggarar. 1. januar 1965 vart det meste av Strandebarm med 1 545 innbyggere slått saman med delar av Varaldsøy, Jondal og Kvam til det nye Kvam herad. Samtidig vart området Kysnesstranda i Strandebarm med 100 innbyggjarar slått saman med det meste av Jondal til den nye Jondal kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Strandebarm kommune frå 1902 til 1965:

1.1.1902 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1965[3]
1661 1641 1612 1731 1700 1631 1645

Folk frå Strandebarm[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengde i Strandebarm 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå