Hopp til innhald

Strandkjeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strandkjeks
Strandkjeks
Strandkjeks
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Slekt: Ligusticum
Art: Strandkjeks L. scothicum
Vitskapleg namn
Ligusticum scothicum

Strandkjeks (Ligusticum scothicum) er ein plante i skjermplantefamilien. Han veks i kystnære strøk i Nord-Europa og nordaustlege Nord-Amerika. Planten kan bli opp til 60 cm høg og finst på steinete steder, grassletter og klipper. Han er etande for menneske, og inneheld sotolon, som også finst i bukkehornkløver.[1] Smaken på blada liknar på persille eller selleri, medan frøa smaker som bukkehornkløver eller spisskummen.[1]

Strandkjeks er ein urteaktig staude som vanlegvis blir mellom 15–60 cm høg. Han har trekanta, dobbelt flika blad som er rundt 5–20 cm lange. Sekundærflikane er 2–5 cm. Bladkantane kan vera flika, taggete eller sagtakka, og er vanlegvis anten lysare grøne eller raudlege. Stengelen greinar seg sjeldan, og ber 2-5 blomestandar, som kvar er ein samansett skjerm med diameter på 4–6 cm. Både primære og sekundære skjermar kan ha mellom 8 og 10 stilkar. Kvar enkelt blome er kring 2 mm i diameter og grønleg kvit i fargen. Frukta er 4–6 mm lang, med fem fremståande riller på kvart fruktemne.

  1. 1 2 «WILD SPICES OF THE UK, Galloway Wild Foods». gallowaywildfoods.com. 19. november 2016. Henta 3. januar 2019.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]