Strandmelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandmelde
Strandmelde
Strandmelde
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Amarantfamilien Amaranthaceae
Underfamilie: Meldefamilien Chenopodioideae
Stamme: Atripliceae
Slekt: Atriplex
Seksjon: Teutliopsis
Art: Strandmelde A. littoralis
Vitskapleg namn
Atriplex littoralis

Strandmelde er ei urt i amarantfamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika, og finst som invasiv art i Nord-Amerika.

Strandmelde på stranda.

Planta vert kring 25 cm høg og har opprett greina stengel utan blad øvst. Han har linjeforma blad, oftast mest utan tenner, men stundom sagtagga. Forblada er spisse, oftast litt tagga i kanten og på ryggen. Strandmelde blomstrar kring juli månad på havstrender. Han veks spreidd langs kysten av Noreg nord til Vest-Finnmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]