Strandsmelle
Utsjånad
| Strandsmelle | |
Strandsmelle | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
| Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
| Underfamilie: | Caryophylloideae |
| Stamme: | Sileneae |
| Slekt: | Smelleslekta Silene |
| Art: | Strandsmelle S. uniflora |
| Vitskapleg namn | |
| Silene uniflora | |
Strandsmelle (Silene uniflora) er ein fleirårig urt i nellikfamilien. Utbreiingsområdet ligg innanfor Europa.
Strandsmella vert kring 10-20 cm høg, har snau kålgrøn liggjande stengel med opprette fåblomstra greiner, og smale kjøttfulle blad. Utbøygde bergtenner. Ho har store kronblad med to små sideflikar og 6 bogne kapseltenner. Planta blømer kring juni på havstrender, der arten er vanleg. Ho kan også finnast på berg langt frå sjøen, i Noreg opp til 1260 moh.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Strandglim» frå Wikipedia på svensk, den 24. juni 2010.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.