Strange Days

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strange Days
Studioalbum av The Doors
Utgjeve 25. september 1967
Innspelt Mai til august 1967
Studio Sunset Sound Recorders (Hollywood i California)
Sjanger
Lengd 35:25
Selskap Elektra
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi
The Doors
(1967)
Strange Days Waiting for the Sun
(1968)


Singlar frå Strange Days
  1. «People Are Strange»
    Utgjeve: September 1967
  2. «Love Me Two Times»
    Utgjeve: November 1967

Strange Days er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, gjeve ut 25. september 1967 på Elektra Records. Albumet vart ein kommersiell suksess, selde til platinaplate og nådde tredjeplassen på Billboard 200-lista. Albumet inneheld topp 30-singlane «People Are Strange» og «Love Me Two Times».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Strange Days vart spelte inn i pausar på turneen deira mellom mai og august 1967 i Sunset Sound Recorders i Hollywood, der dei hadde spelt inn debutplata. I motsetnad til innspelingane i 1966, nytta produsenten Paul A. Rothchild og lydteknikaren Bruce Botnick den nyaste 8-sporsopptakaren. Den lange innspelingsperioden gjorde at bandet kunne eksperimentere i studio og ytterlegare forsterke dei utanomjordiske lydane med uvanlege instrument og manipulering av lyd. I følgje Botnick vart bandet inspirert til å gjere dette etter å ha fått tak i ei tidleg utgåve av The Beatles-albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og «totalt flippa ut» av det dei høyrde. Botnick sa at The Doors var fast bestemt på å følgje dømet til Beatles og prøve seg på «nye innspelingsteknikkar. Ingenting skulle haldast attende.»[1]

Tittelsporet vart utvikla med hjelp av Paul Beaver og var ein av dei aller første gongane ein Moog synthesizer vart nytta i rockesamanheng. På Morrison-diktet «Horse Latitudes» tok Botnick kvitstøy frå ein lydbandopptakar og varierte snøggleiken ved spole han fram manuelt, noko som fekk lyden til høyrast ut som vind, medan bandet spelte forskjellige instrument på uvanlege måtar. I tillegg vart varierande snøggleik nytta til å skape forskjellige klangar og effektar.[2] Bandet utforska òg musique concrète-teknikkar på albumet.[1]

Studiomusikaren Douglass Lubahn spelte bass på albumet.[3]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Fleire av songane på Strange Days vart skrivne på same tida som songane på The Doors. To songar («My Eyes Have Seen You» og «Moonlight Drive») vart blitt spelt inn som demoar i 1965 på Trans World Pacific Studios før Krieger kom med i gruppa. Sistnemnde hadde faktisk blitt laga av Morrison før han vart sameint med Manzarek att sommaren 1965.[4] Sjølv om dei prøvde å spele inn songen to gonger for debutplata, vart ingen av versjonane rekna som bra nok. Med eit vanleg bluesarrangement skilde «Moonlight Drive» seg ut med ein litt utradisjonell rytme og flaskehalsgitaren til Krieger, som skapte ein skummel lyd.[5]

Den første singelen frå albumet, «People Are Strange», vart komponert tidleg i 1967 etter Krieger, trommeslagaren John Densmore, og ein deprimert Morrison hadde gått til toppen av Laurel Canyon.[6] Densmore skreiv om skriveprosessen i boka hans Riders on the Storm. Densmore og Krieger, som hadde delt leilegheit, vart vitja av ein nedslått Morrison, som oppførte seg «djupt deprimert.» Densmore føreslo at dei tok seg ein tur langs Laurel Canyon. Morrison kom attende frå turen «euforisk» med det første tekstutkastet til «People Are Strange».[7]

Sjølv om det var Morrison som var den fremste tekstforfattaren i bandet, skreiv Robby Krieger fleire av dei tidlegaste hitsinglane deira, der den første var «Light My Fire». I følgje bandmedlemmane var den bluesaktige songen hans «Love Me Two Times» om ein soldat eller sjømann den siste dagen med kjærasten sin før han drog ut att, tilsynelatande i krig. Manzarek skildra songen som «Robby sin store bluesrockklassikar om begjær og tap, eller mangfaldige orgasmar, eg er ikkje sikker på kva det er.» I 1997 sa Krieger til Guitar World at den musikalske ideen for «Love Me Two Times» kom frå eit lite parti på eit Danny Kalb-album. Manzarek spelte den endelege versjonen av denne songen på ein cembalo, ikkje eit clavichord. Manzarek skildra instrumentet som «eit særs elegant instrument ein vanlegvis ikkje assosierer med rock and roll.»[8] Han vart korta ned til 2:37 og gjeven ut som den andre singelen deira (etter «People Are Strange») frå albumet, og nådde 25. plassen på singellista i USA.[9] «Love Me Two Times» vart rekna som noko vågal for radio, og vart bannlyst i New Haven fordi han var «for kontroversiell». Dette sjokkerte bandet.[7]

Albumet vert avslutta med den 11 minuttar lange, episke «When the Music's Over».

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart designa av William S. Harvey og fotografert av Joel Brodsky.[10] Bilete vart teke i Sniffen Court, ei bakgate i New York City. Jim Morrison nekta å vise seg på omslaget, så fotograf Joel Brodsky valte å ta eit sirkus-liknande bilete. Dei fleste karnevala var ute på turné denne sommaren, så det var vanskeleg å finne profesjonelle sirkusartistar. Akrobatane der var dei einaste han kunne finne, den kortvokste Lester Janus og den yngre broren (ikkje tvillingar) Stanley Janus (som er på baksida) vart hyrte inn frå eit skodespelarfirma, sjongløren var assistenten til Brodsky og trompetisten var ein drosjesjåfør, medan sirkusatleten var ei dørvakt på ein klubb. Eit gruppebilete av bandet finst på ein plakat i bakgrunnen, med bilettekst av bandet og albumnamnet. Men fordi det var litt vanskeleg å sjå artistnamnet og albumtittelenen hadde dei flese platebutikkane eit klistremerke over som tydelegare viste kva og kven si plate det var.[11]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Strange Days kom ut 25. september 1967 på Elektra Records. Sjølv om albumet vart ein ein ganske stor suksess og nådde tredjeplassen på albumlista i USA i november 1967 og låg inne på lista i 63 veker, vart verknaden av albumet svekt av den store suksessen til debutalbumet, som framleis låg på topp 10 over ti månader etter det kom ut. I alt låg det 122 veker på lista. I følgje produsenten Paul Rothchild, «Vi meinte alle at det var det beste albumet. Det hadde derimot òg eit av dei svakaste salstala. Vi var sikre på at det kom til å bli større enn noko The Beatles hadde gjort. Men det var ingen singlar. Plata døydde frå oss.».[12]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[13]
Down Beat4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[14]
MusicHound3.5/5[15]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[14]
Rolling Stone(positiv)[16]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[17]
Slant Magazine4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[18]
Virgin Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[19]

Musikkritikaren Robert Christgau kalla albumet «muskulært men misdanna» i ei melding i mai 1968 for Esquire, men skreiv vidare at The Doors hadde kome «frå ingenting til å regjere som den tyngste gruppa i Amerika».[20] Rolling Stone Magazine meinte at albumet «har all krafta og energien frå den første plata, men er meir subtilt, meir intrikat og meir effektivt» og hevda at «heile albumet, individuelle songar og særskild det siste sporet er konstruert i fem delar som ein tragedie. Som eit gresk drama veit du når musikken er over fordi det er ei reinsing.»[21]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Kritikarar har rangert albumet høgt. I 2003 vart Strange Days oppført på 407. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2007 tok Rolling Stone albumet med på lista si over «Dei 40 essensielle albuma frå 1967».[22] I 2007, i høve 40-årsjubileumsutgåva til albumet, meinte Sal Cinquemani i Slant Magazine at «medan The Doors hadde fleire, meir opplagte toppar, er det rare Strange Days eit meir ambisiøst, sameint verk. Det er færre fyllmateriale og kvar song ber like mykje vekt som den før og etter» og kalla det «eit dokument av ei stundom vakker, stundom skremmande, og ofte forvridd periode av frykt og idealisme.»[23]

Somme kritikarar meiner det ikkje heilt når opp til føregangaren. I meldinga for AllMusic skreiv Richie Unterberger: «Mange av songane på Strange Days var skriven samstundes som dei på The Doors, og i ettertid får ein kjensla av at dei beste songane alt var blitt plukka ut for debutalbumet. Det andre albumet er derfor ikkje like konsistent makelaust som debuten, men er likevel eit særs bra framhald frå det klassiske albumet deira.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek og John Densmore

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Strange Days»   3:11
2. «You're Lost Little Girl»   3:03
3. «Love Me Two Times»   3:18
4. «Unhappy Girl»   2:02
5. «Horse Latitudes»   1:37
6. «Moonlight Drive»   3:05
Side to
# Tittel Lengd
7. «People Are Strange»   2:13
8. «My Eyes Have Seen You»   2:32
9. «I Can't See Your Face in My Mind»   3:26
10. «When the Music's Over»   10:58
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
# Tittel Lengd
11. «People Are Strange» (med falsk start og studiodialog) 1:57
12. «Love Me Two Times»   3:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar
Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1967) Plassering
US Billboard 200[25] 3

Singlar

År Singel Liste Plassering
1967 «People Are Strange»
B-side: «Unhappy Girl»
Pop Singles 12[25]
1967 «Love Me Two Times»
B-side: «Moonlight Drive»
Pop Singles 25[25]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[26] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[27] 2× Gull 200 000*
Tyskland (BVMI)[28] Gull 250 000^
Storbritannia (BPI)[29] Gull 100 000^
USA (RIAA)[30] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Pinch, Trevor; Trocco, Frank (2002). Analog Days: The Invention and Impact of the Moog Synthesizer. Cambridge, MA: Harvard University Press. s. 120. ISBN 0-674-01617-3. 
  2. Hopkins & Sugarman 1980, s. 128.
  3. «Strange Days – The Doors | Credits». Allmusic. 
  4. 4,0 4,1 Maginnis, Tom. «Moonlight Drive – The Doors». AllMusic. 
  5. The Doors. eM Publications. s. 231. 
  6. Hoskyns, Barney (2007). Strange Day. Rhino Entertainment Company. s. 7. 
  7. 7,0 7,1 Densmore, John (Nov 4, 2009). Riders on the Storm: My Life with Jim Morrison and the Doors. Random House Publishing Group. ISBN 978-0-307-42902-5. 
  8. Manzarek, Ray (Oct 15, 1999). Light My Fire. Penguin. s. 258. ISBN 978-0-698-15101-7. 
  9. «((( The Doors > Awards )))». AllMusic. Henta 24. juli 2019. 
  10. "Thorgerson, Storm; Powell, Aubrey (1999). 100 Best Album Covers: The Stories Behind the Sleeves. Dorling Kindersley. s. 140–141. ISBN 0751307068.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  11. «Classic Album Covers : Strange Days – The Doors». Never Mind the Bus Pass. 2. februar 2012. Arkivert frå originalen 24. juli 2019. Henta 24. juli 2019. 
  12. «Bam Interview – Paul Rothchild». waiting-forthe-sun.net. Henta 24. juli 2019. 
  13. Unterberger, Richie. «Strange Days – The Doors | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 24. juli 2019. 
  14. 14,0 14,1 «The Doors – Strange Days CD Album». CD Universe/Muze. Henta 31. august 2015. 
  15. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 358. ISBN 1-57859-061-2. 
  16. «[Strange Days review]». Rolling Stone. 23. november 1967. Henta 24. juli 2019. 
  17. «The Doors: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2013. Henta 31. august 2015. 
  18. Cinquemani, Sal (18. april 2007). «The Doors: Strange Days | album Review | Slant Magazine». Slant. Henta 24. juli 2019. 
  19. «The Doors Strange Days». Acclaimed Music. Henta 31. august 2015. 
  20. Christgau, Robert (May 1968). «Columns». Esquire. Henta 24. juli 2019. 
  21. {{|url=https://www.rollingstone.com/music/albumreviews/strange-days-19671123 |title=Strange Days|journal=Rolling Stone |accessdate=11. november 2017}}
  22. «Rolling Stone : Photos : The 40 Essential Albums of 1967 :». Rolling Stone. 2007. Arkivert frå originalen 7. juli 2007. Henta 24. juli 2019. 
  23. Cinquemani, Sal (April 2007). «The Doors: Strange Days». Slant. Henta 22. november 2017. 
  24. CLASSIC TRACKS: 'Strange Days'
  25. 25,0 25,1 25,2 "The Doors Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Doors. Prometheus Global Media. Henta 24. juli 2019.
  26. «Canadian album salstrofé – The Doors – Strange Days». Music Canada. 
  27. «French album salstrofé – Doors – Strange Days» (på fransk). InfoDisc.  Select DOORS and click OK
  28. «Gold-/Platin-Datenbank (The Doors; 'Strange Days')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  29. «British album salstrofé – Doors – Strange Days». British Phonographic Industry.  Enter Strange Days in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  30. «American album salstrofé – The Doors – Strange Days». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]