Strassburgare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Strassburgare er svenske småkaker forma som avlange rifla pinnar. Etter steiking kan ein dyppa eine enden i sjokolade.[1]

Deigen blir laga av kveitemjøl, potetmjøl, smør, melis og vaniljesukker. Han kan eventuelt smaksetjast med appelsinskal. Deigen blir spreidd ut med kakesprøyte til avlange stykke og steikt. Dei kan ha andre former, til dømes som S-ar.[2] Etter steiking kan ein også setja saman to kaker med syltetøy imellom.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Strassburgare», receptfavoriter.se (på svensk), henta 22. november 2021 
  2. Svensson, Kerstin, «Strassburgare», Hemmets Journal (på svensk), henta 22. november 2021