Strategisk allianse
Ein strategisk allianse er eit samarbeid mellom to eller fleire partnarar. Samarbeidet kan formast av uformelle og formelle avtalar, gjennom fellesføretak og felles eigarskap.
Ein kjend motivasjon for å opprette strategiske alliansar er tilgang på ressursar som verksemder ikkje kan skaffe seg i ein open marknad. I tillegg kan strategiske alliansar vere eit godt alternativ til koordinering av aktivitetar mellom føretak i felles prosjekt.
Strategiske alliansar veks i popularitet, og studiar frå den nordamerikanske marknaden indikerer at talet på strategiske alliansar har vakse med 25 % årleg dei siste åra (tal frå 1998).[1]
Trass føremona med strategiske alliansar, viser det seg at mange alliansar feilar, og det er funne ein feilrate i området 40-60 %. [2] Vanlege grunnar til vanskane er kommunikasjonsproblem, frykt for å dele kritiske ressursar, mistydingar og huga etter profitt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen er ei omsetjing av artikkelen «Strategisk allianse» på bokmålswikipediaen slik han var den 28. desember 2007