Strategiske atomvåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Strategiske atomvåpen er nemninga på atomsprenghoder som er så kraftige at dei vil kunna øydeleggja heile byar eller store område der fiendtlige styrkar oppheld seg. Strategiske våpen kan i motsetnad til taktiske atomvåpen nå mål over alt i verda, ofte ved hjelp av interkontinentale missil, men dei kan òg berast av større bombefly. Desse strategiske atomvåpena var under den kalde krigen viktige for atomvåpenbalansen mellom USA og Sovjetunionen, sidan dei utgjorde den avgjerande avskrekkingseffekt som var grunnføresetnaden for interessa i begge land i å unngå ein atomkrig. Ein slik krig ville utsletta begge land og gjera stor skade på område og alt liv i andre land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Strategisk våpen
  • Taktisk våpen