Straumavtakar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Straumavtakar til tog og trikk var ofte forma som ein pantograf, og difor kalla pantograf.
Døme på ein type moderne «einbeint» straumavtakarar til trikk.
Dobbel straumavtakar til trolleybuss.
Døme på straumavtakar, slepesko, for system med straumskjener, nytta på T-banar.

Straumavtakar, og kalla pantograf, er ei innretning som stryk langsetter ein kontaktleidning, òg kalla køyreleidning eller luftleidning, eller ei straumskjene, for å overføre elektrisk straum til elektrisk drive rullande materiell på jarnbaner, på T-baner, eller til sporvogner eller trolleybussar i gater. Stålfjører eller eit trykkluftsystem pressar straumavtakaren opp mot leidningen, eller mot straumskjena.

For skjenegåande køyretøy er det nok med ein kontaktleidning som straumavtakaren stryk langsetter, då skjenegangen vert nytta som den andre leiaren. Trollyebussar, som går på gummihjul, må ha doble straumavtakarar opp til doble kontaktleidningar som er isolerte frå kvarandre.