Straumbotn

Koordinatar: 68°52′51.031″N 17°13′43.039″E / 68.88084194°N 17.22862194°E / 68.88084194; 17.22862194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°52′51.031″N 17°13′43.039″E / 68.88084194°N 17.22862194°E / 68.88084194; 17.22862194

Sjå òg StraumsbotnSenja.

Straumbotn er ein fjordarm av VågsfjordenAndørja i Ibestad kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 8 km søraustover til garden med same namn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp gjennom det smale sundet Straumen i nord. Sundet ligg mellom grendene Straumen i aust og Åndervåg i vest. Det ligg fleire gardsbruk innover i fjorden, hovudsakleg på austsida. Fjorden er omgjeve av høge fjell. Vasskartinden ligg på austsida og stig til 1140 meter over havet. På vestsida ligg Åtinden på 1108 meter over havet.

Fv132 kryssar sundet ved innløpet til fjorden i nord.