Straumfjorden i Nordreisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°50′34.566″N 21°9′52.106″E

Straumfjorden sett mot Sørneset, fjella bak ligg på øya Kågen.
Foto: Simo Räsänen

Straumfjorden (samisk Siidavuotna) er ein fjordarm av Reisafjorden i Nordreisa kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 9 km sørover til Loppevollen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Sørnesodden i vest og Øyra i aust via eit smalt sund kalla Straumen. Bygda Straumfjordnes ligg på austsida av dette sundet. Det er elles busetnader langs begge sidene av fjorden.

E6 går langs austsida av fjorden, medan Fv355 går langs vestsida.