Straumfjorden i Steigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°56′22″N 15°34′15″E Straumfjorden er ein fjordarm av Sagfjorden i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørover til Straumfjordvatnet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hamnberget i vest og Sirines i aust. Grenda Store Straumfjorden ligg på sørsida av fjorden. Vest for denne grenda smalnar fjorden inn og går vidare sørover som ein smal fjord inn til botnen.

Riksveg 835 kryssar fjorden ved Store Straumfjorden.