Straumsbotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°23′0.44160″N 17°22′9.7860″E Straumsbotn er ein fjordarm av BergsfjordenSenja i Berg kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 7,5 km søraustover til Elvevollen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp gjennom sundet Trongstraumen ved Straumsneset i nord. Grenda Straumsbotn ligg på austsida av fjorden. Lenger sør og inn i fjorden ligg gardane Håverjorda og Løvdal.

Fylkesveg 86 går langs heile austsida av fjorden og kryssar Trongsundet via ei bru.