Straumsfjorden i Troms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Straumsfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Kart
Straumsfjorden
69°32′00″N 18°30′00″E / 69.53333°N 18.5°E / 69.53333; 18.5

Straumsfjorden er ein fjord på sørsida av Kvaløya i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 18 km vestover frå Malangen til Balsfjorden.

I vest startar fjorden mellom Kvalnes i nordvest og Gamnes i søraust. Mjelde er ei bygd på nordsida av fjorden like aust for Kvalnes. Lenger aust går Vollbukta nordover til bygda Straumsbukta. Tvers over fjorden for Vollbukta ligg grenda Vollstad på andre sida.

Ryøya er ei øy som ligg midt i fjorden i den austre delen. På nordsida av øya går Storstraumen eller Rystraumen og på sørsida går Litjestraumen. Rett aust for denne øya ligg Vikran på sørsida. Tidlegare gjekk det ferje over fjorden herfrå til Larsenga på nordsida heilt aust i fjorden, men i 2011 vart sambandet erstatta av Ryatunnelen. Litt lenger nordaust ligg Tromsø.

Fv286 går langs sørsida av fjorden, medan Fv54 går langs nordsida.