Straumsfjorden på Hitra
Utsjånad
Straumfjorden er ein fjordarm av Frøyfjorden på Hitra i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 12 km søraustover til Straum i botn av fjorden.
Fjorden går på begge sider av øya Helgebustad. Det nordlege innløpet ligg mellom Stamnesvik i nord og Dønholman i sør, og det sørlege innløpet mellom Grefsnes og Tiholman. Ved Håvikstraumen på sørsida av Helgbustadøya går det bru over til øya.
Riksveg 713 går langs sørsida av fjorden, medan Fv381 går på nordsida.
63°35′19.478″N 8°34′0.95880″E / 63.58874389°N 8.5669330000°E