Straumvekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei straumvekt er eit instrument til absolutt måling av straumstyrke.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eininga for elektrisk straum, ampere, er definert ut frå krafta mellom to rette, parallelle, straumførande leiarar. Sidan vanlege måleinstrument for straum blir kalibrert ved hjelp av kjende spenningar og motstandar, gjev dei berre eit relativt mål for straum, dessutan blir målingane unøyaktige. For å avgjere absolutt straumstyrke ved måling av krafta mellom rette, parallelle, straumførande leiarar må ein nytte straumvekt.

Utføring[endre | endre wikiteksten]

Ein nyttar sylindriske spolar med ein storleik og form som gjer det mogleg å utføre nøyaktige utrekningar av samanhengen mellom straumen gjennom spolane og krafta mellom dei. Metoden vart først brukt av Lord Rayleigh i 1884, mest brukt er ein variant utvikla av Ayrton-Jones. Måleoppstillinga består av to store sylindriske, fastmonterte spolar med felles vertikal akse (den eine like over den andre), og ein tredje, litt mindre sylindrisk, rørleg spole som blir plassert midt mellom dei to faste spolane, og blir festa til undersida av den eine skåla i ei skålvekt. Den rørlege spolen blir forbunde med ein fleksibel, tvinna kabel, og straumen som skal målast, blir send gjennom dei tre spolane i serie, først med same retning for straumen i dei ytre og den indre spolen, og deretter med motsett straumretning i dei ytre spolane. Vekta blir balansert ut når det ikkje går straum i spolane. Når straumen blir sett på, vil magnetfeltet frå dei faste spolane skape ei aksialt retta kraft på den rørlege spolen, og krafta blir målt ved ny utbalansering av vekta.

Presisjonsstraumvekt der slike målingar kan utførast med stor nøysemd, finst ved fleire standardiseringslaboratorium, mellom anna ved National Bureau of Standards i USA, og ved National Physical Laboratory i Storbritannia. Utryggleiken i målingane kan reknast til ±3 · 10-6.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]