Street Fighting Years

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Street Fighting Years
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 2. mai 1989
Innspelt Mars 1988 – mars 1989 i Skottland
Sjanger Poprock
Lengd 61:13
Selskap Virgin Records (verda) / A&M (USA)
Produsent Trevor Horn og Stephen Lipson
Simple Minds-kronologi
Live in the City of Light
(1987)
Street Fighting Years Real Life
(1991)


Singlar frå Street Fighting Years
  1. «Belfast Child»
    Utgjeve: 6. februar 1989
  2. «This Is Your Land»
    Utgjeve: 10. april 1989
  3. «Take a Step Back»
    Utgjeve: May 1989
  4. «Kick It In»
    Utgjeve: 17. juli 1989
  5. «Let It All Come Down»
    Utgjeve: 3. desember 1989

Street Fighting Years er det åttande studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i mai 1989 på plateselskapet Virgin Records verda over, utanom i USA, der det kom ut på A&M.[1] Albumet var produsert av Trevor Horn og gjekk til topps på UK Albums Chart.[2]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Street Fighting Years vart spelt inn på ei tid då det var endringar i Simple Minds. Det var det siste albumet med klaverspelaren og det opphavlege medlemmet Mick MacNeil.

Mangelen på likskap og sameining i bandet kom snart til syne. Trommeslagaren Mel Gaynor vart sett på sidelinja under innspelinga (visstnok på grunn av ei usemje med Trevor Horn) og vart etter kvart redusert til ein studiomusikar. Mykje av trommespelinga vart gjort av Manu Katché (frå bandet til Peter Gabriel) og Stewart Copeland (tidlegare Police). Bassisten John Giblin — som kom inn i bandet i 1985 for Once Upon a Time, slutta i bandet under eller like etter innspelinga, trass i at han hadde store bidrag til albumet (inkludert låtskrivar på balladen «Let It All Come Down»). Kvifor Giblin slutta er ikkje kjend. Noko av basspartane på albumet vart spelte av produsenten Stephen Lipson.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Med Trevor Horn og Stephen Lipson som produsentar var albumet ei stor stilmessig endring frå det førre albumet, Once Upon a Time frå 1985. Det hadde framleis ei kjensle av den episke arenarocken bandet hadde utvikla sidan midten av 1980-åra, men gjekk òg bort frå innverknaden frå amerikansk soul og gospel frå føregangaren til ein meir filmatisk atmosfære og bruk av akustisk og keltisk element, og nye instrument som bandlaus bass, slidegitar og trekkspel. Tekstane var blitt meir politiske og dekka tema som skatt, Soweto, Berlinmren og utplasseringa av atomubåtar langs den skotske kysten.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i mai 1989 og vart det fjerde albumet deira som gjekk til topps i Storbritannia.[2] Det same gjorde singelen deira «Belfast Child», som kom ut tre månader før albumet. «This Is Your Land» vart vald ut som den første singelen i USA, men sjølv med gjestevokal av Lou Reed, gjekk ikkje singelen inn på poplista der. Albumet selde relativt dårleg i USA og gav dei ingen hitsinglar der.

For den påfølgjande turneen henta bandet inn att Mel Gaynor som trommeslagar og tok inn Malcolm Foster (frå The Pretenders) som ny bassist. MacNeil vart verande med bandet ut turneen, men slutta brått då turneen var over.

6. mars 2020 gav Simple Minds ut ein plateboks på fire CD-plater av Street Fighting Years på UMC / Virgin Domestic. Denne inkluderte originalalbumet med ommastra lyd, ei plate med B-sider, forkorta utgåver og 12"-miksar, og to plater med ein konsert frå Verona i 1989, i tillegg til ei ny bok med intervju med Trevor Horn. Delar av boksen kom òg ut på to CD-plater.[3][4][5][6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
CMJpositiv[7]
Melody Makerpositiv[8]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]
Q5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[10]
NME7/10
Smash Hits6/10[11]
Martin C. Strong5/10[12]
Sunday Mailsærs positiv[13]

Kritikarane var delte i synet på Street Fighting Years. Dei første meldingane var hovudsakleg positive i Storbritannia, medan amerikanarane var meir kritiske, der albumet òg vart ein mindre suksess.[14] Brian Hogg skildra Street Fighting Years som utan tvil «det mest kontroversielle albumet deira.»[15]

Magasinet Q gav albumet fem av fem stjerner og David Sinclair skreiv at dei endeleg hadde skapt ei plate som rettferdiggjorde rykte deira og hylla den hovudsakleg rolege dynamikken.[10] Ian Gittins skreiv for Melody Maker og kommenterte den grandiose karakteren til albumet, som han samanlikna med U2-albumet Rattle and Hum. «I motsetnad til dei verkelege sjelevenene deira i U2, har ikkje The Minds skapt ein kalkun.»[8] Han kritiserte derimot somme av songane som tomt prat.[8] Mike Soutar skreiv i Smash Hits at albumet var «fullt med anthems som kjem til å få publikum til å reise flagga, slik alle ventar av the Minds, men sjølv om songane truleg kjem til å bli episke på konsertane deira, vil dei truleg drive deg til galskap på soverommet ditt.»[11]

Amerikanske Rolling Stone var mindre positiv og Mark Coleman kritiserte dei for å vere politisk tomhovuda: «Street Fighting Years står som eit uheldig døme på politisert rock i sitt aller enklaste.»[9] Han meinte òg at produksjonen var for glatt og skildra det som «så studioglatt at kvar song - om det er eit rop om å ta til våpen ('Take a Step Back') eller ein flytande, ambient meditasjon ('Let It All Come Down') – nesten glir ut av høgtalarane.»[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Simple Minds, utanom der andre er nemnde.

Standardutgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Street Fighting Years» 6:26
2.«Soul Crying Out» 6:07
3.«Wall of Love» 5:20
4.«This Is Your Land» 6:22
5.«Take a Step Back» 4:22
6.«Kick It In» 6:11
7.«Let It All Come Down»John Giblin, Simple Minds4:56
8.«Mandela Day» 5:45
9.«Belfast Child»Simple Minds, Traditional6:42
10.«Biko»Peter Gabriel7:34
Bonusspor på CD-utgåva\
Nr.TittelLengd
11.«When Spirits Rise»2:03
Luksusutgåve plate 1: The Original Album
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Street Fighting Years» 6:26
2.«Soul Crying Out» 6:07
3.«Wall of Love» 5:20
4.«This Is Your Land» 6:22
5.«Take a Step Back» 4:22
6.«Kick It In» 6:11
7.«Let It All Come Down»John Giblin, Simple Minds4:56
8.«Mandela Day» 5:45
9.«Belfast Child»Simple Minds, Traditional6:42
10.«Biko»Peter Gabriel7:34
11.«When Spirits Rise» 2:03
Luksusutgåve plate 2: Edits, B-Sides and Remixes
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Belfast Child (edit)»  
2.«Mandela Day (edit)»  
3.«This Is Your Land (edit)»  
4.«Saturday Girl»  
5.«Year Of The Dragon»  
6.«This Is Your Land (DJ Version)»  
7.«Kick It In (edit)»  
8.«Waterfront (’89 remix)»  
9.«Big Sleep (live)»  
10.«Kick It In (Unauthorised Mix)»  
11.«Sign o' the Times (edit)»Prince 
12.«Let It All Come Down (edit)»  
13.«Sign o' the Times»Prince 
14.«Jerusalem»Words: William Blake / Music: Hubert Parry 
15.«Sign o' the Times (C.J. Mackintosh Remix)»Prince 
Luksusutgåve plate 3: Verona part 1
Nr.TittelLengd
1.«Theme For Great Cities '90» 
2.«When Spirits Rise» 
3.«Street Fighting Years (live)» 
4.«Mandela Day (live)» 
5.«This Is Your Land (live)» 
6.«Soul Crying Out (live)» 
7.«Waterfront (live)» 
8.«Ghost Dancing (live)» 
9.«Book Of Brilliant Things (live)» 
10.«Don’t You (Forget About Me) (live)» 
Luksusutgåve plate 4: Verona part 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Gaelic Melody (live)»Trad. 
2.«Kick It In (live)»  
3.«Let It All Come Down (live)»  
4.«Belfast Child (live)»  
5.«Sun City (live)»Little Steven 
6.«Biko (live)»Peter Gabriel 
7.«Sanctify Yourself (live)»  
8.«East At Easter (live)»  
9.«Alive And Kicking (live)»  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Simple Minds
Andre medverkande
  • John Giblin – bassgitar og bandlaus bassgitar, kontrabass (1)
  • Stephen Lipson – ekstra bassgitar, produsent
  • Manu Katché – trommer (1, 2, 9)
  • Mel Gaynor – trommer (4, 8, 10)
  • Stewart CopelandLinnDrum (ikkje oppført) (3, 6)
  • Leroy Williams – perkusjon (1, 2, 8, 9, 10)
  • Sidney Thiam – ekstra perkusjon
  • Abdul M'boup – ekstra perkusjon
  • Maureen Kerr – tinnfløyte, bodhran
  • Roger Sharp – sekkepipe
  • Lisa Germano – fiolin (1, 4, 9)
  • William Lithgow – cello
  • Sheena McKenzie – cello
  • John Altman – orkesterarrangement
  • Lou Reed – ekstra solovokal på «This Is Your Land»
  • Lorna Bannon – korvokal

Teknisk
  • Dougie Cowan – teknisk master
  • Robin Hancock – lydteknikar
  • Guido Harari – fotografi
  • Simon Heyworth – mastering
  • Trevor Horn – produsent
  • Paul Kerr – logistikk
  • Stephen Lewis – snakking
  • Bob Ludwig – mastering
  • Heff Moraes – lydteknikar
  • Martin Plant – assisterande lydteknikar
  • Steve Ralbovsky – snakking
  • Willie P. Richardson – snakking
  • Danton Supple – assisterande lydteknikar
  • Jane Ventom – koordinasjon
  • Gary Wathen – snakking
  • Ying Ho Au Yeung – catering

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
Liste (1989) Plassering
Australian ARIA Albums Chart[16] 11
Den austerrikske albumlista[17] 3
Canadiske RPM 100 Albums[18] 24
Den nederlandske albumlista[19] 1
Den europeiske albumlista 1
Den tyske albumlista 1
Den italienske albumlista 1
New Zealand RIANZ Albums Chart[20] 4
Norske VG-lista[21] 4
Den svenske albumlista[22] 4
Den sveitsiske albumlista[23] 1
UK Albums Chart[2] 1
US Billboard 200[24] 70

Singlar

Singel Liste (1989) Plassering
«Belfast Child» UK Singles Chart 1
«This Is Your Land» UK Singles Chart 13
US Modern Rock Tracks 12
US Billboard Mainstream Rock 37
«Kick It In» UK Singles Chart 15
The Amsterdam EP UK Singles Chart 18
«Mandela Day» US Modern Rock Tracks 17
«Take a Step Back» US Modern Rock Tracks 14

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[25] Gull 35 000^
Canada (Music Canada)[26] Gull 50 000^
Frankrike (SNEP)[27] 2× Platina 600,000*
Tyskland (BVMI)[28] Platina 500 000^
Italia
sal i 1989
400,000[29]
Nederland (NVPI)[30] Platina 100 000^
Spania(PROMUSICAE)[31] Gull 50 000^
Sverige (GLF)[32] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[33] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[34] 2× Platina 600 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Demalon, Tom. Street Fighting YearsAllmusic. Henta 8. september 2020.
  2. 2,0 2,1 2,2 «1989 Top 40 Official UK Albums Archive: 13th May 1989». Official Charts Company. Henta 6. september 2020. 
  3. «Street Fighting Years [Super Deluxe] Box Set». amazon.co.uk. January 2020. Henta 10. september 2020. 
  4. «16 Jan, 2020 New Deluxe Version of Street Fighting Years!». simpleminds.com. 16. januar 2020. Henta 10. september 2020. 
  5. «Simple Minds to release Street Fighting Years box set». loudersound.com. 16. januar 2020. Henta 10. september 2020. 
  6. «UMC to release new Simple Minds boxset of 'Street Fighting Years' (Street Fighting Years was the band's fourth number one album in the UK and featured their first UK number one single, Belfast Child)». classicpopmag.com. January 2020. Henta 10. september 2020. 
  7. «Street Fighting Years – CMJ New Music (USA)». CMJ New Music Report. CMJ. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 9. september 2020. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Gittins, Ian (6. mai 1989). «The Higher Ground: Simple Minds – Street Fighting Years». Melody Maker. IPC Media. s. 33. Henta 9. september 2020. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Coleman, Mark (13. juli 1989). «Simple Minds: Street Fighting Years». Rolling Stone (Straight Arrow) (RS 556–557). ISSN 0035-791X. Arkivert frå originalen 24. mai 2007. 
  10. 10,0 10,1 Sinclair, David (Juni 1989). «Street Fighting Years». Q (Bauer Media). ISSN 0955-4955. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 8. september 2020. 
  11. 11,0 11,1 Soutar, Mike. «Street Fighting Years». Smash Hits (Peterborough, UK: EMAP Metro). ISSN 0260-3004. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 8. september 2020. 
  12. The Essential Rock Discography – Volume 1: 970. 2006.  Missing or empty |title= (hjelp)
  13. «Simple Minds – Street Fighting Years – Review». Sunday Mail. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 9. september 2020. 
  14. «A Biography...A Kind Of Glory..A View Of Glory..From This Room». One Million Years From Today. Arkivert frå originalen 23. april 2012. Henta 4. februar 2013. 
  15. Hogg (1992)
  16. «Simple Minds – Street Fighting Years». australian-charts.com. Henta 8. september 2020. 
  17. «Simple Minds – Street Fighting Years» (på tysk). austriancharts.at. Henta 8. september 2020. 
  18. «RPM 100 Albums». RPM (archived at Library and Archives Canada) 50 (7). 12. juni 1989. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 8. september 2020. 
  19. «Simple Minds – Street Fighting Years» (på nederlandsk). dutchcharts.nl. Henta 8. september 2020. 
  20. «Simple Minds – Street Fighting Years». charts.nz. Henta 8. september 2020. 
  21. «Simple Minds – Street Fighting Years». norwegiancharts.com. Henta 8. september 2020. 
  22. «Simple Minds – Street Fighting Years». swedishcharts.com. Henta 8. september 2020. 
  23. «Simple Minds – Street Fighting Years» (på tysk). hitparade.ch. Henta 8. september 2020. 
  24. Street Fighting YearsAllmusic. Henta 8. september 2020.
  25. «The ARIA Australian Top 100 Albums Chart – 1989 (61–100) (from The ARIA Report Issue No. 1 – 14. januar 1990)». imgur.com. Henta 1. september 2019.  N.B. The black circle symbol indicates gold certification.
  26. «Canadian album salstrofé – Simple Minds – Street Fighing Years». Music Canada. Henta 6. september 2020. 
  27. «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 6. september 2020.  (select «Simple Minds» from drop-down list)
  28. «Gold-/Platin-Datenbank (Simple Minds; 'Street Fighing Years')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 6. september 2020. 
  29. Caroli, Daniele (9. desember 1989). «Italy > Talent Challenges» (PDF). Billboard Magazine (Nielsen Business Media, Inc.) 101 (49): I-8. ISSN 0006-2510. Henta 25. juli 2020 – via World Radio History. 
  30. «Dutch album salstrofé – Simple Minds – Street Fighing Years» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 6. september 2020. 
  31. Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990 (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. 2005. ISBN 8480486392. 
  32. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 6. september 2020. 
  33. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Simple Minds; 'Street Fighing Years')». Hung Medien. Henta 6. september 2020. 
  34. «British album salstrofé – Simple Minds – Street Fighting Years». British Phonographic Industry. Henta 6. september 2020.  Enter Street Fighting Years in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go