Street Spirit (Fade Out)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Street Spirit (Fade Out)
Singel av Radiohead
frå albumet The Bends
B-side
  • «Talk Show Host»
  • «Bishop's Robes»
Utgjeve 22. januar 1996[1]
Innspelt 1994
Sjanger Post-grunge[2]
Lengd 4:13
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Radiohead
Produsent John Leckie
Radiohead-kronologi
«Just»
(1995)
Street Spirit (Fade Out) «The Bends»
(1996)


«Street Spirit (Fade Out)» er ein song av det engelske alternativ rock-bandet Radiohead. Det det siste sporet på det andre studioalbumet deira, The Bends (1995). Songen kom ut på singel 22. januar 1996 og nådde femteplassen på UK Singles Chart, den høgaste plasseringa Radiohead hadde klart til då. Songen har sidan blitt spelt inn av Peter Gabriel og The Darkness.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Låtskrivaren Thom Yorke sa at «Street Spirit» var inspirert av det amerikanske bandet R.E.M. og romanen The Famished Road av Ben Okri frå 1991.[3] Han består av ein gitararpeggio skriven av Yorke og spelt av Ed O'Brien.[4] I 2018 skreiv Pitchfork at songen «kanaliserer ei kjensle av kapitalistisk frykt som sjølv klassemedvitne Britpop-artistar undertrykte».[5]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for «Street Spirit» vart filma i løpet av to netter i ein ørken utanfor Los Angeles. Han var regissert av Jonathan Glazer, som skildra han som eit «vendepunkt» i arbeidet hans. Han følte at Radiohead hadde «funne sine eigne stemmer som artist» og at «eg kom nær det som var i eiga stemme, og kjende meg sikker på at eg følte meg trygg på at eg kunne gjera ting som emosjonerte, som hadde ein slags poetisk så vel som prosaisk verdi».[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Street Spirit» kom ut på det andre albumet til Radiohead, The Bends (1995). Han kom ut på singel i januar 1996 og nådde femteplassen på UK Singles Chart, den høgasteplasseringa Radiohead hadde oppnådd til då.[7] Etter at dei førre singlane deira ikkje hadde klart å matche populariteten til debutsingelen deira «Creep» frå 1992, synte «Street Spirit» at Radiohead ikkje var ein one-hit wonder.[7] I 2008 var «Street Spirit» med på Radiohead: The Best Of.[8]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Peter Gabriel spelte inn ein versjon av «Street Spirit» for albumet sitt Scratch My Back (2010),[9] og håpte at Radiohead ville spele inn ein versjon av songen hans «Wallflower» for albumet sitt And I'll Scratch Yours (2013).[10] I følgje Gabriel slutta Radiohead all kommunikasjon etter at han sende versjonen sin av «Street Spirit» og trakk seg frå prosjektet.[11] Gabriel sa at utgåva hans var «ganske ekstrem», og hadde sidan høyrt at bandet ikkje likte versjonen.[12]

I 2012 gav The Darkness ut ein versjon av «Street Spirit» på albumet deira Hot Cakes.[13] Bandet hadde inkludert songen på konsertane sine i 2003.[14] I 2020 gav System of a Down-trommeslagaren John Dolmayan ut ein versjon i lag med M. Shadows frå Avenged Sevenfold og Tom Morello frå Rage Against the Machine som ein del av coverprosjektet hans These Grey Men.[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD 1[endre | endre wikiteksten]

  1. «Street Spirit (Fade Out)» – 4:13
  2. «Talk Show Host» – 4:41
  3. «Bishop's Robes» – 3:25

CD 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Street Spirit (Fade Out)» – 4:13
  2. «Banana Co.» – 2:20
  3. «Molasses» – 2:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Radiohead

Produksjon

  • John Leckie – produsent «(Street Spirit», «Banana Co.»), miksing «(Street Spirit»), lydteknikar «(Street Spirit»)
  • Nigel Godrich – produsent («Talk Show Host», «Bishop's Robes», «Molasses»), lydteknikar («Street Spirit»), miksing («Talk Show Host», «Molasses»)
  • Chris Brown – lydteknikar
  • Chris Blair – mastering
  • Jim Warren – opphavleg produsent («Banana Co.»)
  • Sean Slade – miksing («Banana Co.»)
  • Paul Q. Kolderie – miksing («Banana Co.»)

Design

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1996) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[16] 57
Europe (Eurochart Hot 100)[17] 19
Iceland (Íslenski Listinn Topp 40)[18] 21
Irland (IRMA)[19] 25
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[20] 28
Nederland (Mega Single Top 100)[21] 26
Skottland (Official Charts Company)[22] 7
UK Singles (Official Charts Company)[23] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2001) Plassering
Canada Sales (Nielsen Soundscan)[24] 105

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[25] Sølv 200 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «New Releases: Singles» (PDF). Music Week: 31. 20. januar 1996. Henta 11. mai 2022. 
  2. DeLuca, Dan (13. august 2008). «Review: Everything right with Radiohead». The Philadelphia Inquirer. Henta 18. oktober 2021. 
  3. «Chipping Away - Brian Draper talks to Thom Yorke». Third Way (Hymns Ancient & Modern Ltd) 27 (10): 16. December 2004. 
  4. Amit, Sharma (9. juni 2020). «Ed O'Brien: 'The guitar to me is like an oscillator on a synthesizer - it’s the start of a sound rather than the sound in itself'». Guitar World (på engelsk). Henta 14. februar 2022. 
  5. «The 50 Best Britpop Albums». Pitchfork. 29. mars 2017. Henta 30. mai 2017. 
  6. Kaufman, Anthony (12. juni 2001). «Shooting the «Beast»; Jonathan Glazer Tames the Gangster Genre». indieWIRE. Arkivert frå originalen 13. desember 2007. Henta 8. januar 2008. 
  7. 7,0 7,1 Randall 2012.
  8. Plagenhoef, Scott (5. juni 2008). «Radiohead: The Best Of». Pitchfork (på engelsk). Henta 14. februar 2022. 
  9. «Peter Gabriel – Scratch My Back (2010, O-Card, CD)». Discogs. Henta 25. januar 2015. 
  10. Bassett, Jordan (12. februar 2010). «Peter Gabriel: 'Thom Yorke won't respond to my cover of 'Street Spirit'». NME. Henta 11. mai 2022. 
  11. Young, Alex (15. februar 2010). «Radiohead's Thom Yorke «disses» Peter Gabriel, preps «something» in April». Consequence. Henta 25. januar 2015. 
  12. Rogers, Jude (2. juni 2010). «Peter Gabriel: 'It doesn't have anything to do with witchcraft!'». The Guardian (London). Henta 11. mai 2022. 
  13. Nelson, Michael (9. august 2012). «The Darkness – «Street Spirit» (Radiohead Cover)». Stereogum. Henta 25. januar 2015. 
  14. Poole, Steven (10. oktober 2003). «This is not Spinal Tap». The Guardian. Henta 27. februar 2022. 
  15. Blistein, Jon (23. januar 2020). «System of a Down's John Dolmayan taps Tom Morello for cover of Radiohead's 'Street Spirit'». Rolling Stone. Henta 24. januar 2020. 
  16. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  17. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 13 (6): 15. 10. februar 1996. Henta 17. oktober 2020. 
  18. «Íslenski Listinn Topp 40 (30.3. – 5.4. '96)». Dagblaðið Vísir (på islandsk). 30. mars 1996. s. 52. Henta 2. oktober 2019. 
  19. "The Irish Charts – Search Results – Street Spirit (Fade Out)". Irish Singles Chart.
  20. "Nederlandse Top 40 – week 15, 1996" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  21. "Dutchcharts.nl – Radiohead – Street Spirit (Fade Out)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  22. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  23. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  24. «Canada's Top 200 Singles of 2001». Jam!. Arkivert frå originalen 26. juli 2002. Henta 28. mars 2022. 
  25. «British single salstrofé – Radiohead – Street Spirit (Fade Out)». British Phonographic Industry.  Enter Street Spirit (Fade Out) in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go