Strekfarge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Strekfarge (mineralogi))
Hematitt med raud strekfarge på ei porselensikring
Strekplate med pyritt og rhodokrositt og deira karakteristiske strekfarge

Strekfargen (eller berre strek eller pulverfarge) av eit mineral er fargenpulveret som blir danna når mineralet blir dratt over ei ru overflate. I motsetning til fargen på mineralet, som kan variere mykje, er fargen på pulveret generelt meir einsarta for eit gitt mineral. Det er derfor eit viktig diagnostisk verktøy i identifisering av mineral. Dersom det ikkje er nokon tydeleg strekfarge, er strekfargen rekna for å vere kvit eller fargelaus. Strekfarge er spesielt viktig for å indentifisere opake og farga mineral. Han er minst brukbar for silikatmineral der dei fleste har ein kvit strekfarge og er for harde til at ein lett kan stryka laus pulver.

Fargen på eit mineral kan variere særs mykje på grunn av sporstoff eller ein litt endra krystallstruktur (f.eks. på grunn av gitterfeil). Små mengder sporstoff eller ureiningar som absorberer sterkt ved ei bestemt bølgelengd kan lett endre bølgelengda til reflektert lys og slik endre fargen på mineralet. Når ein derimot dreg prøva for å lage ein strek, blir mineralet brote ned til eit pulver av tilfeldig orienterte mikrokrystallar. Ein liten del av sporstoff vil ikkje påverke absorpsjonen av lys i særleg stor grad.

Ei overflate ein drar mineralet over blir kalla ei strekplate. Desse er oftast laga av porselenskiver utan glasur. Dersom ein ikkje har ei strekplate tilgjengeleg, kan ein nytte ei vanleg sikring, undersida av ein vase eller ei skål av porselen der det ikkje er glasur, eller baksida av ei keramisk veggflis. Nokre gongar kan strekfagen vere lettare eller meir nøyaktig å skildrre om ein samanlikner han med streken på ei anna strekplate.

Fordi streken på strekplata kjem frå mineralet som er knust til eit pulver, kan ein berre lage ein strek av mineral som er mjukare enn strekplata. Dersom ein nyttar uglasert porselen er det rundt 7 på Mohs hardleiksskala. Dersom ein har eit hardare mineral, kan ein finne pulverfargen ved å file eller knuse ei lita prøve med ein hammar. Dette pulveret gnirr ein så på strekplata. Dei fleste mineral med hardleik over 7 har ein kvit strek som er til lita hjelp.

Nokre mineral, som cinnabaritt (sinober) og azuritt, har ein strekfarge som er lik den naturlege fargen på mineralet. Andre mineral, som fluoritt (flusspat), har alltid ein kvit strekfarge sjølv om sjølve mineralet kan opptre i rosa, blå, gule eller grøne krystallar. Hematitt (jernglans) ser svart ut, men har ein raud strekfarge som har gitt opphav til namnet. Hematitt kjem frå gresk haima, som tyder 'blod'. Mineralet blyglans, som ser ut som hematitt, har derimot ein grå strekfarge.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • A.C. Bishop, A.R. Woolley, and W.R. Hamilton. Cambridge Guide to Minerals, Rocks and Fossils, second edition. Cambridge: Cambridge University Press, 1999. Pages 12-13
  • Martin Holden. The Encyclopedia of Gemstones and Minerals. New York: Facts on File, 1991. Page 251.
  • Walter Schumann. Minerals of the World. New York: Sterling, 1992. Pages 18-16

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]