Strengelvågfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strengelvågfjorden

Strengelvågfjorden er ein fjordarm av Gavlefjorden på nordaustsida av Langøya i Øksnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4 km sørvestover til botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Borgarneset i nord og Klubben, like ved Strengelvåg, som har gjeve namn til fjorden, i sør. Ei om lag 900 meter lang vegfylling kryssar fjorden langs Fv935. Stormyra ligg på sørsida av den ytre delen av fjorden. Det ligg fleire busetnader innover i fjorden, men ingen av desse har vegsamband.