Strengeplukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strengeplukk på Funkisdagen 2016 i Vågen i Stavanger

Strengeplukk (tidlegare Strengeplukk & Felegnukk) er eit norsk bluegrassband skipa i Stavanger i 2015.[1]

Bandet spelar fyrst og fremst bluegrass, særleg i den neotradisjonelle stilen til t.d. Kentucky Thunder og tidleg Mountain Heart, men er òg inspirert av progressiv bluegrass som Punch Brothers og Béla Fleck. Elles har gruppa element av norsk folkemusikk, jazz og pop/rock i musikken sin, basert på den varierte musikalske bakgrunnen til bandmedlemmane. Karakteristisk for konsertane deira er at dei alle spelar rundt ein mikrofon om lydforholda på scena tillet det.

Gruppa blei til då dei dåverande jazzstudentane Jakob Folke Ossum (gitar), Nikolai Storevik (fele) og etter kvart Andreas Barsnes Onarheim (mandolin) byrja å lære seg nokre bluegrasslåtar saman på øveromma på Fakultet for Utøvende Kunstfag ved Universitetet i Stavanger hausten 2015. Med eit ynskje om å sette saman ein full bluegrasskvintett kontakta Andreas sin tidlegare bandkamerat i Bjergsted Blågraslaug, Thorbjørn Bilstad Olsen (banjo), og seinare Lasse Gjestrud (kontrabass). Hausten 2016 tok Vidar Starheimsæter over bassrolla.

I 2016 gav dei ut EP-en Strengeplukk & Felegnukk, og i 2018 gav dei ut debutalbumet Fjellvegen (Fjorden Music).

Gruppa er eit av Norges mest aktive bluegrassband og gjer ein del eventjobber i tillegg til vanleg konsert- og turnéverksemd.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Andreas Onarheim (mandolin/song)
  • Nikolai Storevik (fele/song)
  • Jakob Folke Ossum (gitar/song)
  • Thorbjørn Bilstad Olsen (banjo/song)
  • Vidar Starheimsæter (kontrabass/song)
Tidlegare bandmedlemmer
  • Lasse Gjestrud (kontrabass)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bio», . (på engelsk), henta 21. november 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Avisartiklar: