Strengklauv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strengklauv
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Solund
Postnummer 6926 KRAKHELLA[1]
Gardnummer 62[2]

Strengklauv, oftast kalla berre Klaua, også kalla Hamre, er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Vestland fylke (tidlegare Sogn og Fjordane). Strengklauv har matrikkelnummer 62 i Solund.[2] Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune, og der hadde Strengklauv matrikkelnummer 1.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Garden ligg vest på Losna, i sørenden av Krakhellesundet.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er ikkje nemnd i kjelder før 1667, då var skylda seks merker smør. Utsåd vart oppgjeve til tre mæler havre og avlinga 1 tønne korn, og dei hadde tre naut. Skatten betalt i pengar var 3/2 riksdalar. I opplysningane som var samla inn til matrikkel i 1723 står det at matrikkeltaksten var 12 merker smør. Det var då ingen husmenn, og garden hadde ikkje støl, kvern eller fiskeri, men det vart oppgjeve at dei hadde skog til eige bruk. Utsåd var ei ½ tønne havre og avlinga var 1½ tønne. Buskapen var fire naut og ein sau.[3][4]

Krakhellesundet har vore mykje nytta til ferdsle, og for fartøy som kom nordfrå var då Strengklauv siste hamna før Sognefjorden. Frå ca. 1740 til 1840 var det ein slags gjestgjevarstad, eller «øltapperie», på Strengklauv. Garden har hatt to bruk, og det har vore husmenn i Juvik og Storemyr. Strengklauv fekk innlagd straum i 1958.[3] Garden har ikkje køyreveg, og bruka er nedlagde.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Strengklauv skal tyde strengklova, som er hakket til bogestrengen bak i pilskaftet.[3] I kjelder er namnet skrive «Strengelof» (kan vere skrivefeil for Strengeclof) i 1667, «Strenklev» i 1773, og «Strengkløv», «Streinklev» og «Strengklauen» på 1800-talet.[3]

Statens Kartverk har godkjend skrivemåtane «Klauva» i 1967, «Klaua» i 1974 og «Hamre» i 1986.[5]

Gardsnamnet Strengklauv er ikkje i bruk andre stader i landet, men Oluf Rygh nemner eit forsvunne stadnamn «Streingklawm» i Dyrøy.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 1. november 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikonet på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Henta 6. november 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Ivar Kleiva (1996). «Strengklauv». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 19. 
  4. Ivar Kleiva (1996). «Føreord». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 5.  [Opplysningane i matriklane er lite etterrettelege. Dei skulle gje grunnlag for utrekning av skatt, og ved samanlikning av matrikkelopplysningane med skifteprotokollar frå same tidsrom ser ein at det i stor grad vart underrapportert, venteleg i von om å få mindre skattebør. Opplysningane om storfe er nokolunde rette, men anna, som småfe, fiske, skog og anna utmarka måtte gje, er ofte unemnt i matrikkelen. Matrikkelopplysningane har likevel interesse, sidan me ikkje har andre kjelder som gjev heile biletet.]
  5. ««Hamre i Solund» på nettstaden yr.no». Henta 8. november 2010. 
  6. «Oluf Rygh «Strengklauv» i Norske Gaardsnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 8. november 2010. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesnad
  • Ivar Kleiva: «Gnr. 1. Strengklauv (Klaua) Hamre» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band l, side 19-24.