Streptopelia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Streptopelia
Saheldue, Streptopelia roseogrisea J. G. Keulemans, 1869, Public domain
Saheldue, Streptopelia roseogrisea
J. G. Keulemans, 1869, Public domain
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Columbimorphae
Orden: Duefuglar Columbiformes
Familie: Duefamilien Columbidae
Underfamilie: Columbinae
Slekt: Streptopelia
Bonaparte, 1855

Streptopelia er ei biologisk slekt av fuglar i duefamilien.

Tyrkardue, Streptopelia decaocto. Ho har utvida den opphavlege utbreiinga frå varmare tempererte område i søraustlege Europa til Japan, og har kolonisert resten av Europa. Ho nådde så langt vest som Storbritannia i 1960, og Irland snart etter. Ho er ein introdusert art i USA, og innan 1999 var ho rapportert i 22 USA-statar og spreier seg framleis raskt
Foto: Wikimedia-brukar AnemoneProjectors
Perlekragedue, Streptopelia chinensis er ein rikt utbreidd hekkefugl i tropiske, sørlege Asia, og er dessutan introdusert til USA, Hawaii, nordlege Indonesia, Australia og New Zealand
Foto: JJHarrison
Turteldue, Streptopelia turtur. Nett som mongolturtelduer har turtelduene vanlegvis skjelforma mønster på hals og venger
Foto: Wikimedia-brukar Yuvalr

Desse er i hovudsak slanke, små til mellomstore duer. Oversida er ofte bleik brun, og undersida er ofte med ein nyanse av rosa. Mange har ein karakteristisk svart-kvit flekk på halsen, og ensformige kurrande læte.

Kjerneområdet for denne slekta er Afrika, men fleire artar finst i tropiske, sørlege Asia. Som gruppe er denne slekta svært vellukka; mange artar har store populasjonar i ei rekkje habitat i tropane, to artar har no ein mykje meir omfattande distribusjon.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Streptopelia i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Turteldue, Streptopelia turtur, European Turtle-Dove, Linné, 1758, (VU)
  • Rustvengdue, Streptopelia lugens, Dusky Turtle-Dove, Rüppell, 1837, (LC)
  • Rosenbukdue, Streptopelia hypopyrrha, Adamawa Turtle-Dove, Reichenow, 1910, (LC)
  • Mongolturteldue, Streptopelia orientalis, Oriental Turtle-Dove, Latham, 1790, (LC)
  • Jomfrudue, Streptopelia bitorquata, Island Collared-Dove, Temminck, 1809, (LC)
  • Filippinardue, Streptopelia dusumieri, Philippine Collared-Dove, Temminck, 1823, (VU)
  • Tyrkardue, Streptopelia decaocto, Eurasian Collared-Dove, Frivaldszky, 1838, (LC)
  • Saheldue, Streptopelia roseogrisea, African Collared-Dove, Sundevall, 1857, (LC)
  • Elvedue, Streptopelia reichenowi, White-winged Collared-Dove, Erlanger, 1901, (NT)
  • Klagedue, Streptopelia decipiens, Mourning Collared-Dove, Hartlaub & Finsch, 1870, (LC)
  • Raudaugedue, Streptopelia semitorquata, Red-eyed Dove, Rüppell, 1837, (LC)
  • Savannedue, Streptopelia capicola, Ring-necked Dove, Sundevall, 1857, (LC)
  • Vindue, Streptopelia vinacea, Vinaceous Dove, Gmelin, 1789, (LC)
  • Gråhovuddue, Streptopelia tranquebarica, Red Collared-Dove, Hermann, 1804, (LC)
  • Umbradue, Streptopelia picturata, Madagascar Turtle-Dove, Temminck, 1813, (LC)
  • Perlekragedue, Streptopelia chinensis, Spotted Dove, Scopoli, 1786, (LC)
  • Palmedue, Streptopelia senegalensis, Laughing Dove, L, 1766, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Streptopelia