Stressless

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stressless er varemerke for ein serie stolar og sofaer produsert av Ekornes-konsernet i Sykkylven.

Stressless kom i produksjon i 1971 som regulerbar kvilestol der sitjestillinga vart regulert av kroppsvekta. Sidan 1993 har Stressless òg kome som sofaer.

Stressless er den mest selde stoltypen i Noreg, og vert i dag seld i om lag 40 ulike land.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Nemninga Stressless er sett saman av to engelske ledd, "stress" og "less". Sistedelen, "less", utgjer i engelsk ei suffiks som tyder ‘fri’, og nemninga kan ut frå det tolkast som ‘stressfri’. Ser vi på måten namnet kom til, er det meir nærliggjande å tolke nemninga som ei imperativsamansetjing samansett av to sjølvstendige ord, verbet "stress" i imperativ" og komparativforma "less" (komparativ til det engelske ordet "little").

Nemninga er sidan 1971 registrert som varemerke, og Ekornes-konsernet har hatt fleire juridiske saker mot forsøk på å kopiere varemerket.