Stridande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stridande viser i internasjonal folkerett til personar som har rett til å delta i krig. Personar som oppfyller vilkåra som stridande kan lovleg ta del i kamphandlinger under ein væpna konflikt, men kan også lovleg angripast, og har ikkje same vern som sivile.

Dersom ein stridande blir teken til fange, har han eller ho krav på status som krigsfange etter 3. Genèvekonvensjon av 1949. Konvensjonen definerer stridande som har rett på krigsfangestatus slik:

  1. Medlemmer av forsvaret eller militsen til ein deltakar i konflikten.
  2. Medlemmer av andre militsar og frivillige, inkludert motstandsgrupper, så lenge dei er under kommandoen til ein person som er ansvarleg for sine underordna, har eit fast identifiserbart merke (med visse unntak), ber våpen ope, og følgjer krigslovane.

Personar som kjemper, men ikkje oppfyller desse krava, har ikkje krav på å bli behandla som krigsfangar. Dette kan til dømes gjelda geriljasoldatar, leigesoldatar, personar klassifiserte som terroristar og liknande. Eit omgrep som særleg er blitt brukt av USA i nyare tid er «ulovleg stridande» (unlawful combatants).

Tidlegare tyding[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var «stridande» også ei nemning på militært personell som fylte krava til tenestegjering i stridande avdeling, det vil seia avdeling utdanna og bestemt til å delta aktivt i kamp. Dette stod i motsats til ikkje-stridande, som kunne høyra til sanitet, veterinærvesen, intendantur og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Stridende» (18. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. november 2014.
  • «Ikke-stridende» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. november 2014.