Striden om Kaprolathøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kaprolat og Hasselmannshøgda låg ved dei store innsjøane vest for teksta White Sea

Koordinatar: 66°04′03″N 33°00′50″E

Slaget om Kaprolat og Hasselmann fann stad i Karelen under Den finske framhaldskrigen under andre verdskrigen.[1]

«Kaprolat» var saman med den nærliggande stillinga «Hasselmann» tyske nemningar på stillingar på kvar sin kolle i det austlege Karelen på russisk side av grensa under andre verdskrigen. Stillingane låg vest for den vesle karelske byen Louhi. Ved ein sovjetisk offensiv i juni 1944 vart rundt 120 norske frontkjemparar drepne og 23 døydde i sovjetisk fangenskap. Dette tapet, totalt rundt 143, er det største tapet som har råka ei norsk landstridavdeling nokon gång.

Kampane ved Kaprolat 1944[endre | endre wikiteksten]

På Kaprolat og Hasselmann var det rundt 200 nordmenn, og av desse vart 117 norske frontkjemparar meldt sakna eller drepne i kamp då dei gjorde teneste i Waffen SS-eininga SS-skijegerbataljon Noreg og vart nedkjempa av Den raude armeen på desse to stadane i dagane 25. og 26. juni 1944. Det sovjetiske angrepet vart innleidd 25. juni etter at SS-styrkane hadde kunna observera at dei sovjetiske styrkane bygde ein veg gjennom det myrete området hjelp hjelp av kavlemattar, tømmer lagt ut i det myrete landskapet opp mot stillingane.[2]

Då Waffen SS-styrkane skjøna at dei var i ferd med å verte nedkjempa, freista ei gruppe å sleppa unna gjennom utbrot mot sør i retning av dei andre tyske stillingane på Hasselmannshøgda, men svært få lukkast i dette. Andre prøvde å gøyma seg i skogen for seinare å gå mot nord/vest. Denne gruppa lukkast etter tolv dagars vandring gjennom skogen å nå støttepunktet Sasjajek.

Rundt 40 norske frontkjemparar skal ha vorte tekne som krigsfangar av dei sovjetiske styrkane.

Etter kampane[endre | endre wikiteksten]

Femten norske krigsfangar frå Kaprolat-kampane returnerte til Noreg i perioden mellom hausten 1945 og oktober 1953. Frå russiske kjelder vert det opplyst at dei hadde teke til fange 48 soldatar etter kampane.

Området vart verande avstengt etter kampane og i heile etterkrigstiden som ein del av grenseområda mot Finland. Dei falne soldatane vart ikkje gravlagd og har til dels lege framme i dagen sidan. Etter Sovjetunionens fall er det vorte teke initiativ for å bringa levningene etter dei norske frontkjemparane heim til Noreg. Professor Stein Ugelvik Larsen ved Universitetet i Bergen leier den sokalla Kaprolatkomiteen som arbeider med å identifisera leivningane etter dei norske SS-soldatane. Arbeidet finansierast mellom anna av det norske utenriksdepartement med éin million kroner.[treng kjelde]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Trellevik, Vidar. «Dødsmarkene». NRK (på bokmål). 
  2. (yas@norge.ru), Orlov Iaroslav, «Гибель егерского батальона СС "Норге", 1944 г. | NORGE.RU - вся Норвегия на Русском», www.norge.ru, henta 22. oktober 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
Nettstader