Stridsøkskulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Båtøks frå Tutaryd sokn i Småland.
Båtøks frå Tutaryd sokn i Småland.
Båtøks frå Tutaryd sokn i Småland.
Sridsøks frå Gotland frå seint i perioden.

Stridsøkskulturen (engelsk: Corded Ware culture, finsk: vasarakirveskulttuuri) er eit samlebegrep for ei rekkje nærskylde steinalderkulturar i det nordlege Europa frå omkring 3200 f.Kr. til 1800 f.Kr., i Norden i tida mellom 2700 f.Kr. og 2350 f.Kr.

Utforsking og levningar[endre | endre wikiteksten]

Stridsøkskulturen er vorte forstått som den tida då det migrerte indoeuropearar inn i Europa frå aust. Nyare forsking av Wolfgang Haak m.fl. stadfestar migrasjonen av jamnakulturen inn i det vestlege Europa, som deretter utvikla stridsøkskulturen.[1]

I Nord-Noreg er det funn frå stridsøkskulturen i innlandet, i Dunderlandsdalen i Rana kommune.

I Mellom-Europa og Aust-Europa blir kulturgruppa også kalla den bandkeramiske kulturen etter den store undergruppa av bandkeramisk kultur i Tyskland, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Sveits og Nederland.

Andre undergrupper er til dømes den danske einskildgravkulturen, den svensken-norske stridsøkskulturen, den finske båtøkskulturen og den russiske Fatjanovokulturen. Dei ulike namna av elles overlappande fenomen kjem delvis av ulik arkeologisk forskingstradisjonar og delvis grunna av behovet for å skilja mellom mindre detaljar innanfor elles likelydende kulturar.

I det eldste stadiet er alle grupper av stridsøkskulturar kjenneteikna av stridsøkser, ganske lik den eldste øksetypen i den svensk-norske undergruppa. I seinare stadium finst det få stridsøkser i dei sentraleuropeiske områda medan dei er talrike i dei nordlege og dei austlege områda. Stridsøksene har truleg ikkje vorte nytta som våpen, men kanskje heller hatt ein meir symbolsk funksjon, omtrent som eit statussymbol.

Stridsøkskulturene er ulik den eldre traktbegerkulturen (svensk trattbägarkulturen, engelsk Funnelbeaker culture). Det er markert ved at traktbegerkulturen hadde kollektive megalittgraver mens stridsøkskulturen har individuelle graver. Gravene er einmanns- eller dobbelgraver, ofte under flat mark, men i blant også under ein låg haug. Den ligg alltid i sovestilling. Samanlikna med traktbegerkulturen med megalittgraver og kollektive graver, ser det ut til å ha skjedd ein overgang til eit meir individualistisk samfunn i stridsøkskulturane. Stridsøkskulturane er nært beslekta med den litt yngre vesteuropeiske traktbegerkulturen (svensk klockbägarkulturen, engelsk Beaker culture), men introduksjonen av metall endra dei sosiale strukturane.[treng kjelde]

Rundt 3 000 graver har vorte avdekka frå Skåne til Trøndelag. Dei bortimot 3 000 stridsøksene som har vorte funne har vore spreidd over heile Norden, men mest sparsame i det nordlege Sverige og nordlege Noreg. Mindre enn 100 busetnader har vorte identifisert. Dei har late etter seg forsvinnende lite, ettersom dei er funne på landbruksområde som har vore i bruk opp til moderne tid og derfor pløgd ned. Arkeologen Einar Østmo har rapportert funnstader nord for Polarsirkelen, i Lofoten og så langt nord som i dagens Tromsø.

Einar Østmo har framheva at kystområda rundt Atlanterhavet og Nordsjøen og til dels rundt Austersjøen var samanbundne av ein livskraftig maritim økonomi som tillét ei vidtrekkande geografisk spreiing og eit tettare kulturelt fellesskap enn det dei i det indre av Europa kunne makta, og han sette det i samband med at germanarane kom til regionen.

Genetikk[endre | endre wikiteksten]

Tilhøvet til jamnakulturen[endre | endre wikiteksten]

Det arkeologane trur er utbreiinga av stridsøkskulturen, og opphavet den hadde i jamnakulturen i aust.

Ei genetisk undersøking utført av Haak m.fl. i 2015 fann ut at ein stor del av slekta til stridsøkskulturens folkesetnad kom frå jamnakulturen, dei spora såleis opphavet til stridsøkskulturen til migrering av jamnakulturen frå dei pontiske steppene for 4 500 år sidan. Rundt 75 prosent av DNA frå skjelett frå stridsøkskulturen i sein-neolittisk tid som vart funne i Tyskland, hadde ein nøyaktig likskap med DNA frå einskildindivid i jamnakulturen. Den same studien berekna eit bidrag på 40–54 prosent av forfedrane frå jamnakulturen i DNAet til dagens folkesetnad i sentrale og nordlege Europa, og eit bidrag på 20–32 prosent i dagens folkesetnad i sørlege Europa, unntatt folkesetnaden på Sardinia (7,1 prosent eller mindre) og i mindre grad Sicilia (11,6 prosent eller mindre). Haak m. fl. merkte seg òg at resultata deira tyda på at haplogruppene R1b og R1a «spreidde seg inn i Europa frå aust etter 3000 f.Kr.».[1][1][1][2][3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Haak, Wolfgang, et al. (2015): «Massive migration from the steppe was a source for Indo-European languages in Europe» (PDF) i: Nature 522, arXiv:1502.02783, doi:10.1038/nature14317
  2. Gibbons, Ann (10. juni 2015): «Nomadic herders left a strong genetic mark on Europeans and Asians», Science (AAAS)
  3. Haak, Wolfgang, et al. (2015): «Massive migration from the steppe was a source for Indo-European languages in Europe», s. 5

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrnnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stridsøkskulturen