Stridsvognsvæpning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikansk M1A1 Abrams fyrer av sin 120 mm kanon

Stridsvognvæpning består av eit hovudskyts, til vanleg ein kanon, og sekundære våpen som maskingevær og røykgranatkastarar.

Hovudskyts[endre | endre wikiteksten]

Kanona[endre | endre wikiteksten]

Alle moderne stridsvogner er væpna med ein kanon. Stridsvognkanonar er dei mest grovkalibra direkteskytande våpna i bruk i landstridføring, om ein ser bort frå nokre artillerivåpen. Sjølv om kaliberet ikkje har gått opp vesentleg sidan andre verdskrigen så er moderne stridsvognkanonar teknisk overlegne. Dei vanlegaste kalibera er 120 mm for vestlege stridsvogner og 125 mm for tidlegare austblokk-materiell. Dei fleste stridsvognkanonar i dag er glattløpa, med kanonane til britiske og indiske styrkar som nemneverdige unntak.

Dei første stridsvognkanonane vart utvikla frå lette artillerikanonar. Dei hadde låg utgangsfart på granaten, og avfyrte høgeksplosive granatar. Detta var tilstrekkeleg for rolla stridsvogner hadde under den fyrste verdskrigen, nemleg å støtta infanteriet. Denne tankegangen var rådande til eit stykke ut i mellomkrigstida.

I 1930-åra byrja to klasser av stridsvogner å utkrystalliserast. Infanteristøttevogna som heldt på sitt klassiske skyts, men ei ny klasse vogner som skulle kjempa mot andre stridsvogner dukka òg opp. Britane kalla desse cruiser tanks. Ved utbrotet av andre verdskrigen hadde desse rundt 37 mm hovudskyts. I løpet av krigen vart det naudsynt med stadig kraftigare og kraftigare kanonar, og kaliberet auka frå 37 mm gjennom 50 og 75 mm opp til rundt 90 mm mot slutten av krigen. Løpa vart òg lengre og lengre for å gje prosjektila naudsynt utgangsfart.

Etter krigen var kalibrar frå 90 til 115 mm einerådande, før 120 og 125 mm kanonar vart vanlege frå 1970-talet. Infanteristøttevogna og både dei leitte og dei tunge stridsvognene forsvann, og igjen stod det som tidlegare var den middeltunga stridsvogna, no einerådande. Fleire faktorar bidrog til at utviklinga hadde slakka av. Ein faktor var stadig betre ammunisjon, og ein annan var at mengda pansring på stridsvogner ikkje følgde same utvikling som tidlegare.

Nesten alle stridsvognkanonar hadde rifla løp, før Sovjetunionen, Tyskland og USA på 1960-talet utvikla glattløpa kanonar. I dag er nesten alle stridsvognkanonar glattløpa.

Ammunisjonen[endre | endre wikiteksten]

Oppbygginga av pilammunisjon. 1. Prosjektilhylse 2. Penetrator 3. Tetningsringar
Pilammunisjon i bruk: Høghastigheitsbilde av prosjektilhylse som vert skrella av prosjektilet i flukt.

Kanonen kan fyra av fleire ulike typar ammunisjon. Dei vanlegaste i dag er pilammunisjon og høgeksplosive granatar. Pilammunisjon består av ein penetrator med mindre kaliber enn løpet, og eit prosjektilhylster kalla sabot rundt denne. Penetratoren består av eit svært hardt stoff, vanlegvis utarma uran eller wolframkarbid, og er spiss og stabilisert i flukt av finnar. Pilammunisjon vert som regel omtalt som kinetisk ammunisjon eller APFSDS, eit akronym for Armour-Piercing, Fin-stabilised, Discarding Sabot. Eksplosive granatar vert som regel delt mellom HEAT (High Explosive Anti Tank), som byggjer på holladningsprinsippet, og HEP (High Explosive Plastic), som inneheld ei mengd plastisk sprengstoff som vert detonert ved treff. Sistnemnde vert som regel brukt mot harde mål som bunkerar, som for det meste er laga av andre materialar enn metall.

Sekundærskyts[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis ber stridsvogner andre våpen for forsvar mot infanteri eller fly. Som oftast er dette ein 7,62 eller 12,7 mm maskingevær montert koaksialt langs hovudvåpenet. Eit par franske stridsvogner (AMX-30 og AMX-40) har brukt ein 20 mm maskinkanon her. I tillegg har mange stridsvogner eit maskingevær for vognkommandøren eller ladaren på taket av tårnet.

Amerikanske og russiske 12,7 mm eller 14,5 mm maskingevær er òg i stand til å kjempa mot lettpansra køyretøy på kort hold.

Nokre stridsvogner er vorte bygd om til spesialroller og har hatt uvanleg væpning slik som flammekastarar, rakettkastarar eller korthalds-bombekastarar. I den tidlegare Austblokka vart fleire vogner utstyrt med høve til å fyra panservernmissil gjennom løpet på kanonen. Dette var for å auka rekkjevidda, då hovudskytset ikkje kunne skyta presist ut til dei avstandane eit missil kunne.

Sikte og eldleiing[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga vart våpna sikta gjennom enkle optiske sikte. Avstandar vart i byrjinga estimert, nokre gonger med hjelp av siktet. Seinare vart det introdusert stereoskopiske avstandsmålarar, og desse vart verande standard fram til laseravstandsmålar vart innført. Presisjonen var ikkje så god, og skyting under rørsle var praktisk umogleg.

Moderne stridsvogner har ei rekkje system for å få til meir presis beskyting og kunne skyta medan vogna er i rørsle. Gyroskop stabiliserer løpet på kanonen, det vil seia at det automatisk vert kompensert for rørslene til vogna. For skyttaren ser det ut som om kanonen ligg stille i tilhøve til målet, medan vogna rører seg. Under andre verdskrigen hadde ein stabilisering berre i horisontalplanet, men mot slutten av krigen og etterpå vart stabilisering i fleire plan raskt standardutstyr. Moderne stridsvogner stabiliserer hovudsiktet til skyttar, og «tvingar» kanonen til å følgja rørslene til siktet. Dette gjev mykje betre stabilisering enn tidlegare stabilisering, som prøvde å stabilisera sjølve kanonen.

Sensorar og datamaskiner hjelper til med avstandsmåling og sikting, med faktorar som lufttemperatur, luftfukt, temperaturen til kanonen, farten til stridsvogna og kor slite løpet er.

Nattsikte av ulikt slag gjer òg stridsvogna i stand til å kjempa om natta. Under andre verdskrigen kom dei første nattsikta. Desse bestod av infraraude lyskastarar og sensorar. Infraraudt lys er usynleg for det menneskelege auget, men med sensoren kunne ein bruka lyskastaren til å sjå målet. Ulempa er at straks fienden har ein infraraud sensor, så synest den som brukar lyskastaren svært godt i terrenget. På 1970-talet vart passive termiske sikte vanleg, altså eit sikte som ser varmestråling utan at ein treng ein infraraud lyskjelde. I dag er ein kombinasjon av lysforsterkarar og termiske sikte vanlege på stridsvogner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]