Strikkepinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike strikkepinnar.

Strikkepinnar er avlange reiskapar som vert nytta til handstrikking. Dei finst i ulike utformingar og storleikar og kan vera laga av metall, plast eller tre, særleg bambus, men dei finst òg i til dømes bjørk, bøk og ibenholt.

Flettepinne.


Typar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste strikkepinnetypane er rette pinnar, strømpepinnar og rundpinnar. Det blir også laga særskilde pinnar, til dømes flettepinne med ein bøygd del som kan brukast til å strikka flettemønster, og pinnar som kan setjast saman til ulike typar og dermed ha forskjellig bruk.

Rette pinnar i ulike storleikar.
Rette pinnar er spisse berre i den eine enden, med ein knott i den andre som hindrar maskane å skli av. Slike pinnar vert ofte brukte parvist til å strikka fram og tilbake. Ettersom maskane sit trygt på pinnen kan strikketøyet vera vidare enn pinnen.
Strikketøy på rette pinnar.
Strømpepinnar

Strømpepinnar er spisse i begge endar, og ein kan dermed ta laus maskar frå begge sider. Slike pinnar kan brukast til å strikka rundt ved hjelp av fleire pinnar, og vert ofte brukte til å strikka sokkar, vottar og liknande. Ofte vert dei selde i sett på fem, slik at ein kan ha strikketøyet på fire pinnar og bruka den femte til å strikka med.

Strikketøy på tre stømpepinnar.
Rundpinnar i ulike storleikar
Rundpinnar er to pinnar festa i enden med ein bøyeleg streng. Tjukkleiken på pinnane og lengda på strengen kan begge variera. Desse pinnane vert ofte brukt til litt større arbeid som skal strikkast rundt, til dømes luer eller genserar, eller til vide verk, som sjal.
Strikketøy på rundpinnar.
Eit sett utskiftbare pinnar.
Utskiftbare pinnar er pinnar laga for å kunna kombinerast på ulike måtar, slik at ein til dømes kan kombinera ulik strengelengder med ulike tjukkleikar.

Tjukkleik[endre | endre wikiteksten]

Pinnemålar.

I Noreg har strikkepinnane nummer etter diameteren i millimeter. I ein del andre land har strikkepinnar ulike nummersystem.

For å finna tjukkleiken på ein strikkepinne kan ein stikka han inn i ein strikkepinnemålar med hòl i ulike storleikar.

Stømpe strikka på strømpepinnar.
Julia Hopson med verdas største strikkepinnar som er vorte brukte til å strikka med.
Diameter
i mm
USA Canada og
Storbritannia
Japan
0,5 8/0 24
0,75 6/0 22
1 5/0 19
2,0 0 14
2,1 0
2,25 1 13
2,4 1
2,5
2,7 2
2,75 2 12
3,0 11 3
3,25 3 10
3,3 4
3,5 4
3,6 5
3,75 5 9
3,9 6
4,0 6 8
4,2 7
4,5 7 7 8
4,8 9
5,0 8 6
5,1 10
5,4 11
5,5 9 5
5,7 12
6,0 10 4 13
6,3 14
6,5 10 ½ 3
6,6 15
7,0 2 7 mm
7,5 1
8,0 11 0 8 mm
9,0 13 00 9 mm
10,0 15 000 10 mm
12,0 17
16,0 19
19,0 35
25,0 50

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]