Strilelandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avgrensing av Strilelandet ut frå definisjonen "dei som kan ro til Bergen på ein dag", og vidare ut frå distrikta Nordhordland, Midthordland og Tysnes.

Strilelandet er eit ikkje klårt definert område kring Bergen, nordvest i Hordaland fylke. Ein ofte nytta geografisk avgrensing er at Strilelandet omfattar kyst- og fjorddistrikta frå Selbjørnsfjorden og Bjørnefjorden i sør til Fensfjorden og grensa mot Ytre Sogn i nord, og frå skjergarden i vest til bygdene inst i fjordane mot aust, såleis at Strilelandet i det store og heile tilsvarar distrikta Nordhordland og Midhordland. Det er òg døme på at Stord og dei omliggjande øyene i sør vert tekne med i omgrepet, medan Hardanger og Voss i alle høve ikkje er med i Strilelandet.

I 1832 veit vi det var vanleg å rekna også Gulen i Ytre Sogn med til "Strilelandet". Då skreiv Henrik Wergeland sitt kjende dikt "Eivindvig"[1], der dei siste linjene går slik: "Brød af Steen og Aand af Striler Dahl i Eivindvigen tvang."

Den mest brukte definisjonen er "der folk kan ro til Bergen på ein dag". Ut frå det faktum at heile noverande Lindås kommune iallfall var ein del av Strilelandet, kan ein då komma noko nærare ei klar avgrensing. Dersom ein ror i 3 knop i 10 timar, klarer ein å leggja bak seg omlag 55 km, eller altså 30 nautiske mil. Dette er ein relativt høg gjennomsnittsfart, og ein lang dag bak årene, men det må til for at ein skal kunna klara å ro til Bergen frå heilt nord på Lindåslandet. Likevel blir ikkje Fedje med etter denne definisjonen, heller ikkje dei aller nordlegaste øyane i Austrheim. Grensa vil då gå ein stad i Mofjorden før ein er heilt inne på Mo, ved Kallestadsundet bru før Stamnes, og mellom Vaksdal og Stanghelle. Ein del av Fusa blir med, rundt Strandvik, og Reksteren i Tysnes kommune. Heile Austevoll utanom Stolmen og vestlege Selbjørn er også ein del av "Strilelandet". I Fana, Arna og Samnanger budde det "overlandsstrilar" eller "søtmjelksstrilar", der brukte dei heile eller delar av dagen til fots eller med hest på veg til byen. Den første bygrensa ved Stadsporten går ironisk nok slik at overklassestroket Kalfaret ligg på utsida. Oppe i Hardbakkadalen og på Landås og vidare sørover var det strilebønder fram til omlag 1900. I dag er berre stadnamna att. Den gule grensa på kartet øvst til høgre illustrerer kor nær strilane budde for omlag hundre år sidan. På kartet omfattar Bergen det som var bykommunen frå 1837, med tillegg av områda Møhlenpris, Nygård og Kalfaret, som fram til 1877 hørte til Bergen landdistrikt.

Den ytre grensa (svart strek) er resten av kommunane Austrheim, Vaksdal, Samnanger, Fusa, Tysnes og Austevoll, og heile kommunane Modalen, Masfjorden og Fedje. Dette blir Strilelandet om ein avgrensar det ut frå distrikta Nordhordland og Midthordland, med tillegg av Tysnes, som er del av Sunnhordland. Det blå området er det som i dag (2015) utan tvil er bergensk område, der bergensk er den dominerande dialekten både blant vaksne og barn. I dette området blir det nesten utelukkande brukt bokmål i skule, kommunal forvaltning og næringsliv. Strilelandet nærmast utanfor det blå området blir av "nynorskfolket" (målrørsla) kalt "randsona", det betyr der nynorsken står i fare for å gi tapt mot bokmål. Her blir bokmål brukt saman med nynorsk, særleg i næringslivet. I resten av Strilelandet er nynorsken sin situasjon tryggare.

Stril[endre | endre wikiteksten]

Stril vart av bergensarane brukt som ei noko nedlatande nemning på folket som bur på Strilelandet. Frå avisa Strilen kom med si første utgåve i 1961 og fram til i dag, har strilane tatt meir og meir over definisjonsmakta bak omgrepet. I dag kan det i mange samanhengar vera ei ære å verta kalla "ein ekte stril".

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://no.wikipedia.org/wiki/Eivindvig_(dikt)