Strilen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strilen
TypeDagsavis (tre utgåver i veka)
FormatTabloid
Oppretta1961
GrunnleggjarOlav L. Hannisdal
Første trykk1961[1]
MålformNynorsk
Regionavis forNordhordland og Gulen i tidlegare Sogn og Fjordane
EigarskapHS-Invest As (55,5%), Lambert Wulf (7,8%), andre (36,7%).[2]
Opplag5 049 (2014) 
RedaksjonskontorKvassnesvegen 23
Postnummer5914
StadIsdalstø
Ansvarleg redaktørStig Erik Elliot
Nettstadstrilen.no

Strilen er ei avis som har hovudkontor i Lindås. Avisa kjem ut i Nordhordlandskommunane, samt i Gulen kommune i tidlegare Sogn og Fjordane. Ho kjem ut 3 gonger i veka.

Sjefsredaktør er Stig Erik Elliot. Avisa Strilen er i konkurranse med avisa Nordhordland.

Namnet Strilen kjem av «stril», eit namn på folket i Nordhordland og Midhordland utanom Bergen. Desse regionane vert ofte til saman kalla «Strilelandet».

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[3]

År Nettoopplag
2000 6 637
2001 6 091
2002 5 826
2003 5 636
2004 5 551
2005 5 263
2006 5 306
2007 5 311
2008 5 357
2009 5 371
2010 5 316
2014 5 049

Tidlegare avis med same namn[endre | endre wikiteksten]

Strilen, blad for den vestlandske bonde-, fisker- og arbeiderbefolkning, kom ut frå 7. oktober 1911 til slutten av året 1915. Redaktør var Olav Hauge (1872-1936) frå Strandvik. Strilen fungerte som regionavis for Midthordland og litt til og inneheldt mykje stoff frå Fusa. Dei første åra kom avisa ut i Bergen, kvar laurdag. I 1915 satsa Hauge friskt og starta eige trykkeri i Os. Frå og med 19. mai 1915 kom avisa ut onsdag og laurdag. Det skulle visa seg å bli for tøft økonomisk, og Strilen sovna inn på slutten av 1915. Ei bortimot komplett samling Strilen-aviser er i etterkomarane si eige. [4] Denne avisa blei gitt ut på bokmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nynorsk faktabok Vitja 25. juni 2008
  2. «medieregisteret.no». Henta 25. juni 2008. 
  3. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
  4. [1][daud lenkje] Fusa folkebibliotek, Lokalhistorisk Arkiv i Fusa, trykt i "Heilt andre tider" bd. II, s. 424. Vitja 13. mai 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]