Strinda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Strinda er ein tidlegare kommune i Sør-Trøndelag fylke. I 1964 vart Strinda ein del av Trondheim kommune.

Strinda omfatta opphavleg områda frå grensa til Byneset ved Flakk austover til Ranheim ved grensa til Malvik. I sør hadde kommunen grense mot Leinstrand ved Granåsen, og heile Jonsvatnet låg i Strinda. Trondheim kommune utgjorde på den tid berre sjølve byhalvøya. Gjennom fleire utvidingar vart store område lagt til Trondheim, noko som førte til at grensa vart gåande på kryss og tvers gjennom bustadområda. Strinda likna på mange måtar Aker kommune rundt Oslo som også var eit stort herad som omslutta ein by.

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]