Strindheim Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Strindheim IL)
Hopp til navigering Hopp til søk
Strindheim kunstgressbane under ein kamp mellom Strindheim og Hamarkameratene i Oddsenligaen, avdeling 4, 2015.
Foto: Cato Edvardsen (2015)

Strindheim Idrettslag er eit idrettslag i Trondheim, stifta 9. mars 1926. Laget deltek aktivt i idrettsgreinene fotball, friidrett, handball og langrenn.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Strindheim IL har spelt to sesongar på toppnivå i seriefotball for menn. Både i 1. divisjon 1984 og eliteserien 1995 enda det med sisteplass og nedrykk. Gøran Sørloth var den fremste Strindheim-spelaren i debutsesongen 1984. Laget spelar i gule trøyer og himmelblå bukser.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Langdistanseløparen Knut Børø heldt internasjonalt nivå på 1970-talet, medan hekkeløparen Robert Ekpete var Noregs beste på korthekken i 1980-åra. Også fleifaldig noregsmeister Stig Roar Husby var medlem i laget i 1970-åra.

Handball[endre | endre wikiteksten]

Strindheim har i dei seinare åra spelt fleire sesongar på nivå to i handballseriane for menn.

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Katharina Mo Berge, Ingrid Christensen og Berit Aunli var medlemer av Strindheim på 1970/-80-talet. I dei seinare år har Petter Northug og Emil Hegle Svendsen representert idrettslaget i langrennsløypa.

Tidlegare hadde Strindheim IL også avdelingar som dreiv med orientering og skeiseidrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]