Stripe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stol med stripete trekk.

Ei stripe (samanheng med norrønt strípaðr, strípóttr, stríprendr og strip, 'stripete tøy')[1] er eit band som skil seg i farge eller mønster frå bakgrunnen sin. Fleire striper saman kan danna eit mønster.

Striper kan dannast på ulike måtar: Ved rader av ulik høgd, tekstur eller materiale, ved bruk av ulikt farga materiale eller fargelegging. Dei kan oppstå naturleg, som i sanddyner eller lag i geologi, eller som mønster hjå ulike dyr og plantar. Ein kan også laga striper kunstig på ei rekkje ulike måtar, som måling, farging, ulik behandling av rader og bevisst samanstilling av ulike typar materiale. Når det gjeld tekstilar kan ein til dømes veva med vekslande fargar, sy saman striper av stoff med ulik farge eller brodera eller trykka striper på stoffet.

Striper kan ha ulik tjukkleik. Dei kan vera danna av tjukke striper i ein farge og tynne i ein annan, eller dei ulike fargane kan ha same breidde, slik at det er vanskeleg å seia kva som er bakgrunnen og kva som er stripene. Ei stripe kan også vera eit avlangt felt,[1] som ei vegstripe, flystripe eller smale, avlange territorium som Gazastripa eller Caprivi-stripa.

Striper i klede[endre | endre wikiteksten]

Striper på jakke og slips

Striper kan ha ulik tyding i klesdrakt. I det gamle Egypt var nemes eit hovudplagg med striper som blei brukt av faraoen.[2] I Romarriket markerte ei loddrett stripe på tunikaen, clavus, status som senator eller riddar.[3]

I mellomalderen fekk stripete klede ein negativ assosiasjon i delar av Europa. Dette kan truleg førast attende til ei feiltolking av det gammaltestamentlege forbodet mot å bera klede laga av to ulike stofftypar, som blei omsett til duobus coloribus på latin og fortolka til å visa til to fargar. Pave Bonifatius VIII la ned forbod for geistlege mot å bruka striper. I Sachsen blei mønsteret påbode for prostituerte, liveigne og dømde kriminelle.[4]

Fangedrakter kan vera stripa. Det amerikanske Auburn-systemet frå 1800-talet innførte mellom anna slike drakter med horisontale striper. Slike striper er framleis i bruk nokre stader i USA.[5][6] I nazistiske konsentrasjonsleirar måtte fangar bera vertikalt stripa fangedraktar.[7]

Striper har også vore mykje brukt i militære uniformer. Særleg kjend er den franske marinièren, ein kvit bomullsgenser med horisontale blå striper. Coco Chanel gjorde genseren til eit moteplagg på 1900-talet. Telnjasjka er ei russisk undertrøye med liknande striper som er kjend som uniformsplagg for russiske marine- og elitesoldatar. Elles bruker ein striper på erme og skulderstroppar som offiserdistinksjonar for å signalere rangorden.

I moderne herreklede er striper utbreidde, både på dressar og slips. Nålestriper er knytte til konservative forretningsklede. Sjakett omfattar ofte stripete bukser.

Striper i kunst og formgjeving[endre | endre wikiteksten]

Op-art på bygning (Vasarely)

Striper er vanlege i flagg, til dømes er trikolorflagg danna av tre jambreie striper.

Eit særleg kunstfenomen i 1960-åra, op-art, nytta den flimrande optiske forvirringa som skjer når auget ser på ei flate som er delt opp i like breie striper i kontrastfargar (typisk svarte og kvite). Victor Vasarely var ein av hovudfolka bak denne kunstretninga.

Stripa dyr og plantar[endre | endre wikiteksten]

Tiger i krattskog.

Dyr kan ha ei eller fleire striper. Desse blir ofte tolka som kamuflasje[8] eller signalmønster. Stripene til tigrar blir til dømes forklart som kamuflasje i skogen der dei held til.[9] Stripene til sebraer har fått fleire forklaringar gjennom tidene, men forsking peiker mot at stripene forvirrar plagsame insekt.[10] Grevlingar har tydelege striper i ansiktet som blir forklart med at dei signaliserer ei åtvaring til andre dyr.[11] Ei rekkje dyr har stripete halar, som ringhalelemur, som bruker halen til kommunikasjon.[12][13]

Dyr kan ha ei enkel stripe langs ryggen, kjend som ål. Dette finn ein hjå esel og ein del hestar, som fjording.[14] Det finst også hjå andre dyr, som nokre dølafe.[15]

Fisk har sidelinjeorgan som mellom anna dannar ei farga stripe på sida av kroppen.[16]

Plantar kan ha blad, blomar eller frukter med striper. Variegering i blad vil seia at delar av blada produserer mindre eller inkje klorofyll enn andre, og dette kan gje stripemønster. Slike blad er uvanlege i naturen, men finst ein del ved bakken i tropisk regnskog.[17] Striper kan også oppstå som følgje av sjukdom.[18] Variegering kan vera ein måte for plantar til å lura insekt på ved å laga blad som ser sjuke ut.[19] Kultivarar med striper er elles utbreidde som prydplantar.[17]

Meteorologiske striper[endre | endre wikiteksten]

Cirrusskyer

På himmelen kan det oppstå skystriper under visse meteorologiske forhold oppe i atmosfæren, cirrus- eller fjørskyer. Kondensstriper er kunstige cirrusskyer laga av kondensert vassdamp frå fly.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

I Noreg under andre verdskrigen var «stripete» ei nemning om ein nordmann som ikkje var klart imot okkupasjonen, men var ettergjevande i høve til NS og tyskarane.[20]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «stripe» i Nynorskordboka.
  2. Kathryn A. Bard, Encyclopedia of the Archaeology of Ancient Egypt, Routledge 1999, s. 412
  3. «clavus – stripe på tunika». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 29. mars 2018. 
  4. Fenyvesi, Lizou (2006). «Reading Prisoner Uniforms: The Concentration Camp Prisoner Uniform as a Primary Source for Historical Research». Textile Society of America Symposium Proceedings. 
  5. «A History of Prison Stripes», Handwoven (på engelsk), henta 26. april 2020 
  6. «The American Prison Uniform: A Snapshot», Core77 (på engelsk), henta 26. april 2020 
  7. Uniform and clothing – The Holocaust Explained: Designed for schools (på engelsk), henta 6. mai 2020 
  8. «Evolution in Color: From Peppered Moths to Walking Sticks», Science (på engelsk), 9. oktober 2013, henta 26. april 2020 
  9. «Tiger Facts», www.nationalgeographic.com.au, henta 26. april 2020 
  10. Caro, Tim; Argueta, Yvette; Briolat, Emmanuelle Sophie; Bruggink, Joren; Kasprowsky, Maurice; Lake, Jai; Mitchell, Matthew J.; Richardson, Sarah; How, Martin (20. februar 2019). «Benefits of zebra stripes: Behaviour of tabanid flies around zebras and horses». PLoS ONE 14 (2). ISSN 1932-6203. PMC 6382098. PMID 30785882. doi:10.1371/journal.pone.0210831. 
  11. «Why do badgers have black and white stripes?», Discover Wildlife (på engelsk), arkivert frå originalen 20. juli 2020, henta 26. april 2020 
  12. «Ring-tailed lemur», Smithsonian's National Zoo (på engelsk), 25. april 2016, henta 26. april 2020 
  13. «Ring-Tailed Lemur», New England Primate Conservancy (på engelsk), arkivert frå originalen 25. september 2020, henta 26. april 2020 
  14. «ål – stripe». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018. 
  15. Rasebeskrivelse (på norsk bokmål), 30. oktober 2017, henta 26. april 2020 
  16. «Fisk - Institutt for biovitenskap», www.mn.uio.no, henta 26. april 2020 
  17. 17,0 17,1 «Variegated Leaves». UCLA College. Arkivert frå originalen 15. juni 2016. Henta 9. juli 2016. 
  18. «stripesyke». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 29. september 2014. 
  19. «The plant that pretends to be ill» (på engelsk). 19. juni 2009. 
  20. «stripete» i Nynorskordboka.